Eggstokkreft av røyking

Artikkelen fortsetter under annonsen

For første gong har forskarar funne ein samanheng mellom røyking og eggstokkreft.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gallery.hd.org)(Foto: gallery.hd.org)

(NPK): Dette oppdaga dei i ei gransking av 100.000 norske og svenske kvinner. Studien er eit samarbeid mellom Universitetet i Tromsø og Karolinska Institutet i Stockholm.

Kvinnene var mellom 30 og 50 år i 1991-92 då dei vart inkludert i studien. Ved utgangen av 2003 hadde 312 av desse kvinnene utvikla eggstokkreft.

Etter å ha kontrollert alle andre moglege risikofaktorar, viser resultatet av undersøkinga at kvinner som røykjer har 60 prosent større sjanse for å utvikle eggstokkreft enn ikkje-røykjande.

Også kvinner som tidlegare var røykjarar har 50 prosent større sjanse for å utvikle denne krefttypen enn ikkje røykjande, melder NRK Nordnytt.

Kvar år får i underkant av 500 norske kvinner diagnosen eggstokkreft, og i den vestlege verda er eggstokkreft den gynekologiske krefttypen som tek flest kvinneliv. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving