Rom for litteratur på Bondeheimen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan Bondeheimen blei bygd i 1913 har han vore ein heim for forfattarar og skodespelarar som har vitja hovudstaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bondeheimen i Oslo har alltid vore eit kulturhotell, no blir alle romma utstyrt med dikt. (Foto: Bondeheimen)Bondeheimen i Oslo har alltid vore eit kulturhotell, no blir alle romma utstyrt med dikt. (Foto: Bondeheimen)

I eit omfattande oppussingsprosjekt blir no forfattarar, skodespelarar og andre stamgjester synleggjort i romma på hotellet som er eigd av Bondeungdomslaget.

På dei nyoppussa romma vil du finne eit bilde av forfattaren, eit tekstutdrag, og eit lite dikt på puta. Hotellet ønskjer å markere seg som eit kulturhotell, og har engasjert leiar av Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, til å velje ut kven som skal bli representert.

Likar seg nærmare jorda


Rom 608 har blitt vigd til lyrikaren Øystein Hauge. Han seier til

Romsdal Budstikke

at han likar seg best på hotellrom som ligg nærmare jorda. Likevel helsar han prosjektet velkommen, og er svært nøgd med å få eit rom på Bondeheimen som kan gjere forfattarskapen hans meir kjend.

Lyrikaren Øystein Hauge har fått tildelt rom nummer 608, og er nøgd endå det er litt høgt oppe i etasjane. (Foto: alchemyprague.com)Lyrikaren Øystein Hauge har fått tildelt rom nummer 608, og er nøgd endå det er litt høgt oppe i etasjane. (Foto: alchemyprague.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Positivt for poesien


- Alt som er med på å gjere noko så smalt som poesi tilgjengeleg, er positivt. No har Norsk Kulturråd bestemt at biblioteka skal halvere innkjøpa av lyrikk frå 1000 til 500. Det fortel noko om statusen, seier Hauge.

Diktaren legg ikkje skjul på at han er litt kry for rom nummer 608, og innrømmer at han godt kunne ha tenkt seg å bu der sjølv ein gong.

Her er Øystein Hauge-diktet du vil finne på rom nummer 608:

eg brettar eit fly
eit kvitt A4-ark
og har ingen flyplass lenger
nei nei
men draumar i utval

Øystein Hauge (f. 1956)
Frå diktsamlinga «Fotografi av to som dansar» (2005)

127 personlegdommar


I alt skal Bondeheimen pusse opp alle dei 127 romma, som alle skal få preg av kvar sin kulturpersonlegdom og stamgjest. Edvard Hoem har fått tildelt rom nummer 406, mens du vil finne Brit Bildøen på rom 417.


Kjelde:

Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving