Bush vil ikkje møte Stoltenberg i Det kvite hus

Artikkelen fortsetter under annonsen

USAs president George W. Bush har ifølgje NRK avslått ein førespurnad frå statsminister Jens Stoltenberg (Ap) om å møtast i Det kvite hus.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: whitehouse.gov)(Foto: whitehouse.gov)

Oslo (NTB): Årsaka er ifølgje kjelder i regjeringsapparatet at Stoltenberg har ført ei USA-kritisk linje sidan han overtok makta, melder NRK.

Stoltenberg har blant anna avgjort å trekkje norske soldatar ut av Irak, medan finansminister Kristin Halvorsen (SV) har oppfordra til boikott av Israel.

- Eg er nok redd for at telefonsamtalen Stoltenberg hadde med Bush i haust, som amerikanarane oppfatta heilt annleis enn kva som blei gjort greie for her heime, kan ha satt sine spor, seier tidlegare utanriksminister Jan Petersen (H).

Ifølgje major og forskar ved Institutt for forsvarsstudier, Tormod Heier, hadde norske statsleiararar tidlegare nærmast fri adgang til USAs president.

- Tilsette både i Pentagon og State Departement sa at Noreg var det landet i Europa som kunne ringje på dagen og få ein bilateral samtale, seier Heier. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving