Alle er barn når dei søv

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du våken? Fekk du skjønnheitssøvnen din i natt? Viss du var ein giraff, hadde du fått tid til mykje meir utanom å sove.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss eg var ein giraff, hadde eg fått tid til å rydde på loftet. Men liten plass i senga. (Foto: exzooberance.com)Viss eg var ein giraff, hadde eg fått tid til å rydde på loftet. Men liten plass i senga. (Foto: exzooberance.com)

Enkelte greier seg med ein times søvn i døgnet, andre føler seg heilt kake viss dei ikkje får sine atten timar. I dyreverda er det enorme skilnader i søvnbehov.


Eit hav av fritid


Giraffane er nemleg så heldige at dei klarer seg med mindre enn to timars søvn i døgnet. Då blir det mykje tid til å rydde på loftet, fylle ut sjølvmeldinga, ringe til vener og vere saman med ungane etter jobben.

Viss eg hadde vore ein giraff hadde eg hatt 5 timar meir fritid om dagen! Tenk på alle dei bøkene eg hadde fått lese!

Søvnens meister


Pytonslangen derimot, han er av det meir late slaget. Pytonslangen søv 18 timar i døgnet. Korleis han får tatt oppvasken, det forstår ikkje eg.

Ingenting er som ein god søvn i ein varm krok, synest katten. (Foto: flickr.com)Ingenting er som ein god søvn i ein varm krok, synest katten. (Foto: flickr.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hestar og kyr søv berre tre-fire timar i døgnet, resten av tida må dei bruke til å ete og fordøye mat.


Dei små treng mest


Vi menneske treng mest søvn når vi er små. Babyar søv som kjend nesten heile tida, når dei ikkje et. Dei fleste vaksne greier seg med 7-8 timar.

Søvn er livsviktig for oss, vi må ha det for at kroppen og hjernen skal fungere. Viss vi får for lite søvn, får vi redusert konsentrasjonsevne og rekasjonstid.

«Alle er barn når de sover», heiter det i eit dikt av Rolf Jakobsen. (Foto: nacho.princeton.edu)«Alle er barn når de sover», heiter det i eit dikt av Rolf Jakobsen. (Foto: nacho.princeton.edu)


Koseleg og trangt


Men altså: for lite er altså eit relativt omgrep. På ein måte skulle eg ønskt at eg var ein giraff. På ein anna måte er det jo ganke koseleg å sove. Og korleis får eigentleg giraffen i det heile plass i senga si?


Kjelde: Forskning.no

Les meir på nettet :


Les meir om søvn i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving