Foreldre trur at dei kan avgrense ungdomsfylla

Artikkelen fortsetter under annonsen

54 prosent av ungdomsforeldra trur at dei kan avgrense alkoholmisbruken blant barna, viser undersøkingar blant foreldre med barn i ungdomsskulen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: mileswitherspoon.com)(Foto: mileswitherspoon.com)

(NPK): Sist sommar trudde berre 44 prosent av dei spurde foreldra det same i ei tilsvarande undersøking.

Det er Sosial- og helsedirektoratet som har fått utført undersøkingane i samband med alkoholkampanjen «Tør å sette grenser». Tusen foreldre deltok i begge undersøkingane.

- Målet med kampanjen var å rette fokuset på kva rolle foreldra spelar som modellar og grensesetjarar for barna sine. Resultata frå evalueringa er gledelege. Dei syner at kjernebodskapen om at ungdom treng vaksne som tør å setja grenser har nådd fram, seier avdelingsdirektør Jens Guslund i Sosial- og helsedirektoratet.

- Tendensen er at fleire foreldre er medvitne på alkoholforbruket sitt når barna er til stades og at stadig fleire blir merksame på kor viktig det er å setja grenser.

Til dømes var 84 prosent av foreldra heilt eller delvis einige i at «informasjon eller formaning frå foreldre til barna kan påverke barna til å drikke mindre alkohol» i den første undersøkinga. I den siste undersøkinga var 89 prosent av foreldra einige i dette. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving