Heile harddisken i lomma

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det tok lang tid før diskettane fekk ein verdig arvtakar. Men no kan du ha heile livet ditt i lomma - viss du har råd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ganske lenge sidan denne utspelte rolla si. Men det tok ei stund før han fekk ein verdig arvtakar. (Foto: piesoftwareinc.co.uk)Det er ganske lenge sidan denne utspelte rolla si. Men det tok ei stund før han fekk ein verdig arvtakar. (Foto: piesoftwareinc.co.uk)

Minnepinnane utviklar seg, både i kapasitet og design. Ein minnepinne er dei små lagringseiningane som ein stappar inn i usb-porten på datamaskina si for å lagre musikken, tekstane, rekneskapen, chatteloggane og feriebilda sine på, for å ta dei med til naboen eller på jobben.

Den evinnelege floppyen


Lenge lenge lenge hadde vi berre diskettar til dette føremålet. Endeleg kom cd-brennaren, men det var liksom ikkje heilt bra. Eksterne harddiskar blei heller aldri noko alle gjekk med i lomma til ei kvar tid.

Plass til alt


Usb-dingsar, usb-penner, minnepinnar, kjært barn har mange namn. Sikkert er det i alle fall at desse praktiske dippeduttane kan alt det som disketten kunne, pluss at dei har plass til alt vi driv på med no for tida. Der kom disketten ikkje så langt nemlig, med sine 1.44 MB.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle dataene dine, og husnøkkelen. Denne vil du helst ikkje miste. (Foto: engadget.com)Alle dataene dine, og husnøkkelen. Denne vil du helst ikkje miste. (Foto: engadget.com)

Heile livet i lomma


Dei mest vanlege minnepinnane har 128, 64 eller 256 MB, noko som er ganske god plass til mykje rart.

Det finst også ein minnepinne på marknaden som har plass til ein heil harddisk på 64 gigabyte. Buslink USB 2.0 Flash Drive PRO 2 heiter denne pinnen som kan inneholde heile livet ditt, og i tillegg ta vare på husnøkkelen.

Litt dyr


Denne pinnen kostar rett nok 33 000, så kva du enn måtte ha behov for å lagre og springe rundt med, ville eg heller ha kjøpt ein ekstern harddisk i første omgang. Den same minnepinnen finst også i billegare og mindre variantar med 512 MB, 1 GB, 2 GB, 4 GB, 8 GB, 16 GB og 32 GB lagringskapasitet.

Lagring og pynt på ein gong. (Foto: toniawelter.de)Lagring og pynt på ein gong. (Foto: toniawelter.de)

Artig og kul


Ein minnepinne kan også noko som disketten aldri klarte. Han kan vere kul og artig. Du kan til dømes få pinnar som

mansjettknappar

og som

sushibitar.

Åndeleg


Viss ein ikkje vil vere så kul, er meir opptatt av det åndelege og heller vil lese enn å skrive, kan ein kan faktisk få

heile bibelen som usb-dings

.


Kjelde: IT-avisen

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving