- Jentene bruker nettet til å halde kontakten
(Foto: scu.edu)
Oslo (NTB): Kontakt med vener og kjende er viktigare enn handfaste resultat.
Menn framstår som meir handlingsorienterte. Dei er ivrige brukarar av nettbank, dei bruker gjerne nettet som kjøpesenter og utstillingsvindauge.
89 prosent av mannlege nettbrukarar loggar seg på kvar einaste dag - mot
81 prosent av kvinnene.
Det kjem fram i ei undersøking nettsøkeselskapet Eniro har gjort blant 2.600 nettbrukarar.
61 prosent av kvinnene nemner det å halde kontakt med vener og kjende
som ein av dei tre viktigaste grunnane til at dei bruker nettet. Bare 42 prosent av mennene seier det samme.
- Det er kvinnene som i alle år har skrive julebrev og tatt vare på familieband. At kvinner tar i bruk nettet på denne måten, er derfor kanskje ikkje så overraskande, seier informasjonssjef Gurli Høeg Ulverud i
Eniro til Forbruker.no (©NTB)