- I år må kvinner få mest

Artikkelen fortsetter under annonsen

LO-leiar Gerd-Liv Valla vil gi kvinner meir i lønstillegg enn menn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

(NPK): - Eg forstår svært godt alle dei kvinnene som har fått nok av å få mindre enn mennene. I år må kvinner få ein større del av lønsauken, seier Valla til Dagsavisen.

Valla utfordrar LO om å vere kreative for å få til ei satsing på kvinneløn. Men ho vil ikkje ha særskilde tillegg berre for kvinner.

Samtidig er Valla kraftig provosert over at toppleiarane i næringslivet fekk meir enn tre gonger så høg lønsvekst som vanlege arbeidstakarar i fjor.

- Det er utruleg at toppleiarane ikkje lærer. Det er svært provoserande at dei forsyner seg i bøtter og spann. Det gjer lønsoppgjeret mykje vanskelegare, seier Valla til Dagsavisen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving