Norske vassleidningar for dårlege
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(Foto: wicotec.dk)
Store delar av vass- og avløpsnettet skriv seg frå etterkrigstida, og er overmodent for utskifting, viser ein rapport.
Nasjonalt folkehelseinstitutt er bekymra for at fleire kan bli sjuke av dårleg vatn dersom ikkje vassleidingane vert rusta opp.
Drikkevassrøyr og kloakkrøyr ligg ofte i same grøft, noko som skapar problem når gamle røyr stadig oftare bryt saman.
I Bergen vart fleire tusen personar sjuke av den farlege giardiabakterien hausten 2004. Rundt 100 menneske må framleis behandlast for etterverknader. (NPK)