Endeleg mindre spam!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Krigen mot søppelposten synest endeleg å gi resultat.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Søppelpost er blitt ein del av kvardagen.Søppelpost er blitt ein del av kvardagen.

Det ser ut til at den tilsynelatande endelause straumen av tilbod om penisforlenging og oppstiving, kjempebillige vitnemål frå obskure universitet, større puppar og nesten gratis programvare er i ferd med å avta.


Ein vanleg dag på jobben


Tenk deg at du kjem på jobb, og finn 278 e-postar i innboksen. Hyggjeleg? Neppe. Sannsynlegvis er 4 av e-postane noko du vil ha, eller som i det minste er relevant for jobben din. Dei andre 274 er søppel, spam, tull og tøys, aggressiv marknadsføring. Det er ikkje farleg, men det stel mykje tid å skilje skit frå kanel.


Færre meldingar


I 2004 fekk forbrukerombudsmannen i Danmark mellom 30 000 og 40 000 meldingar om ulovleg søppelpost. I januar 2006 var talet nede på 26 000 meldingar.

Ein rapport frå OECD, den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, viser at talet på spammail som blir sendt ut no går ned etter mange års konstant vekst.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nedgang på 10%


Den danske avdelinga av it-tryggleiksfirmaet Comendo A/S har gjort vurderinga for OECD. Marknadsføringssjefen i Comendo A/S, Chris Østergaard, seier til Berlingske Tidende at mens det før var nærmare 90% av alle epostar i verda som var søppelpost, er talet no nede på 80%.

Anti Spam Taskforce


Østigaard er med i OECD sin Anti Spam Taskforce, som skal kome med internasjonale anbefalingar til kva landa skal gjere for å få bukt med problemet Microsoftsjefen Bill Gates har kalla ein av dei største truslane mot internettet nokosinne.

Bakmenn tatt


Den uønska søppelposten kjem særleg frå USA og Kina, og i USA har ein greidd å få tak i enkelte av bakmennene som dagleg sender ut 100 millionar uønska e-postar til heile verda.

Filtra som lukar ut uønska e-post har også blitt meir effektive, noko som gjer at det no går mindre arbeidstid vekk til å luke bort søppelpost.

Neste Klikk-redaksjonen gler seg, og reknar med at vi om få år skal få ein heilt Viagra-fri dag.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving