Støyande barn er helseskadeleg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fire tilsette i barnehagar blir plaga av støy. - Mange får helseskader av denne støyen, fortel tilsynsleiar Jan Muggerud i Arbeidstilsynet .

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: halton.ca)(Foto: halton.ca)

I meir enn 15 år har høyrselsskader toppa statistikken til Arbeidstilsynet over melde, arbeidsrelaterte sjukdommar.

- Men mange blir overraska når den siste nasjonale aksjonen vi gjennomførte, avslører at barnehagar er mellom dei arbeidsplassane som er mest utsette for helseskadeleg støy.

Heile tre av fire tilsette i barnehagen seier dei blir plaga av støy på jobb, sier Jan Muggerud til Vårt Land.

Muggerud legg til at mange trur at det er tilsette i industri, bygg og anlegg som er mest eksponerte for skadeleg støy. Muggerud leia det nasjonale tilsynet i ei rekkje bransjar i fjor haust.

Sluttrapporten kjem om kort tid. Dei mange barnehagebesøka avdekte også at barn kan få høyrselskader på sikt, dersom ikkje noko blir gjort. Slike skader er alvorlege då dei ikkje kan lækjast. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving