Nordmenn sjukeleg hekta på e-post

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar femte spurde er sjukeleg avhengig av å ha tilgang på e-post, viser ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Ein av fem spurde havnar dessutan i kategorien for misbrukarar. Det er folk som sjekkar e-post tvangsmessig og får panikk dersom dei misser tilgangen.

Undersøkinga er gjort av analyseselskapet Dynamic Markets for antivirusselskapet Symantec, og er gjennomført i Europa, Midtøsten og Afrika. I Noreg blir stadig fleire sjukeleg avhengige av e-post.

- 52 prosent oppgjev at dei bruker meir enn to timar dagleg på e-post; på å lese, svare på og skrive. 15 prosent bruker fire timar eller meir dagleg, med andre ord ein halv arbeidsdag, seier Henrik A. Vaage i Symantec Noreg til Aftenposten.

Undersøkinga viser at dei tilsette byrjar å sjekke e-posten så tidleg som klokka 6, og nokre tek den siste sjekken igjen ved midnatt. Vaage meiner dette viser at vi forlengar arbeidsdagen vår på grunn av e-postbruken.

- Mange faktorar er avgjerande for den e-post-epidemien vi opplever. På eitt tiår har e-post gått frå å vere eit ganske ubetydeleg hjelpemiddel til å bli eit breidt kommunikasjonsverktøy som mange opplever som heilt naudsynt for å styre arbeidsdagen sin, seier Vaage. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving