Berre 1 av 10 får militærteneste

Artikkelen fortsetter under annonsen

Innan få år er det berre 1 av 10 norske undommar som vil avtene førstegongsteneste i forsvaret.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: military.com)(Foto: military.com)

(NPK): Dette betyr at berre 7.500 eller færre vil bli kalla inn kvart år. Rundt 2.500 av desse vil bli øyremerkt for Heimevernet, skriv Aftenposten.
Ein stadig større del av dei 7.500 vil vere jenter. Den politiske ambisjonen er at 15 prosent av dei som gjennomfører førstegongsteneste i 2008 skal vere jenter.

Desse tala er henta frå "Forsvarsstudie 07", eit arbeid som skal bli til ei ny langtidsplan for Forsvaret. Stortinget har vedteke at minst 9.500 norske ungdommar skal gjennomføre førstegongsteneste årleg. Etter å ha granska eigne behov har Forsvaret funne ut at dette er for mange.

Den tradisjonelle førstegongstenesta, der norske ungdommer gjennomfører 12 månader med opplæring og beredskapsoppdrag, kan bli vanskeleg å kjenne att for dagens vaksne generasjoner.

Norge har gått vekk frå mobiliseringsforsvaret. Kystvakten, Grensevakten og Garden skal oppretthaldast, men elles satsar Forsvaret i dag på mindre og mobile einheiter. I tillegg kjem avdelingar som skal kunne utføre oppdrag utanlands i regi av NATO og FN.

Forsvaret blir stadig dyrere i drift. Utviklinga går mot stadig dyrare teknologiske løysingar. Samtidig er Forsvarets kjøpekraft redusert med 40 prosent sidan 1990.

Forsvarsbudsjettets del av bruttonasjonalproduktet er redusert frå 3 til 1,7 prosent. Ett kull med 19 år gamle gutar i Noreg tel i dag rundt 30 000. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving