Supermann-pengar til norsk forsking

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stiftinga etter avdøde Supermann-skodespelar Christopher Reeve har løyvd ein million kroner til ryggmargsforsking ved Universitetet i Oslo (UiO), fortel universitetsavisa Uniforum.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: zalus.koga.hu)(Foto: zalus.koga.hu)

Pengane gjer det mogleg for UiO-forskarane Joel Glover og Marie Claude Perreault å utvide den frå før av 14 personar store forskargruppa ved Avdeling for fysiologi på Det medisinske fakultetet. Gruppa arbeider med nye metodar for kartlegging av skader i ryggmargen og eventuelle måtar å reparere slike alvorlege skader.

Den amerikanske filmskodespelaren Christopher Reeve vart verdskjent for rolla som Supermann i fleire filmar om teikneseriehelten. Han vart lam etter ei rideulykke i 1995, og døydde i 2004, 52 år gammal. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving