Moderat skredfare i vinterferien

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjellområda i Sør-Noreg og enkelte stader på Nordvestlandet blir det meldt om ein viss fare for snøskred i første del av vinterferien, som startar for alvor til helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: lysator.liu.se)(Foto: lysator.liu.se)

(NPK): Størst fare er det i søraustlege strok i fjellet, særleg i fjellsider som har liggje i ly for vinden dei siste dagane. Dette betyr særleg fjellsider som vender mot vest eller nord. På Nordvestlandet er det ustabile snøsjikt ved bakken.

For alle desse områda blir skredfaren kategorisert til å liggje mellom 2 og 3 på skalaen. Erfaringsmessig skjer dei fleste dødsulykker når det er skredfare 3.

I Nord-Noreg blir det meldt om moderat skredfare.

Skredfareskalaen går frå faregrad 1 (liten skredfare) til faregrad 5 (svært stor skredfare).

Skredfare 2 betyr at skred kan bli utløyst av skiløparar, scooter eller liknande i bratte heng. Enkelte naturlege skred kan også bli utløyst.

Skredfare 3 betyr at snødekket har moderat til dårleg stabilitet mange stader i bratt terreng, og enkelte naturlege middels til store skred kan førekome. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving