Trekkfugl med nye rutetider

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre stader i landet har snøen lava ned i store mengder dei siste dagane, i ytre Sogn har dei observert eit sikkert vårteikn - tjelden er komen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: naturnett.org)(Foto: naturnett.org)

(NPK): Måndag såg mannskapet på ekspressbåten Solundir to tjeldar like ved Rysjedalsvika i Hyllestad.

For naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad er tjelden eit sikkert vårteikn.

- Dette var svært tidleg og heilt uvanleg, seier han til NRK Sogn og Fjordane. Tjelden overvintrar langs kysten av England og er ikkje vanleg å sjå i Noreg før mot slutten av februar eller tidleg i mars.

Mildver og sønnavind har truleg utløyst trekka frå Storbritannia så tidleg.

- Eg tippar at hormona har spelt dei eit lite puss. Dei har nok trudd at vi har kome lenger på året enn det vi verkeleg er, forklarar Folkestad.

Det er også gjort tidlege observasjonar av trekkfuglar andre stader i Vestlandsfylket. I Askvoll vart det sett tjeld 26. januar. I Gloppen har dei sett grågåsa og i Svelgen viste linerla seg fram 25. januar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving