Skot mot danske soldatar i Irak

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein patrulje frå den danske kontingenten i Irak blei søndag ettermiddag skoten på av sinte irakarar, opplyser den danske hæren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: sfgate.com)(Foto: sfgate.com)

Basra (NTB-Ritzau): Samanstøytet fann stad då patruljen prøvde å yte førstehjelp til 10-15 barn som var påkøyrde av ein lastebil ti kilometer sør for Al Qurnah i det danske ansvarsområdet i det sørlege Irak.

Patruljen fyrte av varselskot, trakk seg ut av området og køyrde nokon av dei skadde barna til det nærmaste sjukehuset.

Tidlegare søndag blei danske soldatar møtte av steinkastande ungdom i byen Al Hartha, og det blei også funne ei bombe i vegkanten innanfor det danske området. Det er ikkje muleg å seie om bomba kan ha vore retta mot danskar eller om den hadde noko med reaksjonane mot Muhammed-teikningane i Jyllands-Posten å gjere.

Inntil søndag såg det ut til at den danske bataljonen hadde greidd å roe ned befolkninga med løpesetlar, TV-innslag og møte, seier hæren i ei pressemelding. Men angrepa søndag tyder på at nokre irakarar likevel har latt seg rive med av vreiden som har breidd seg i Midtausten mot teikningane.

Danmark har ei styrke på 530 soldatar i tilknyting til den britiske kontingenten i Basra-området i det sørlege Irak. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving