Gaupene på universitetet

Artikkelen fortsetter under annonsen

I kjellaren på det biologiske fakultetet på Universitetet i Oslo, bur det fire store kattedyr. Har dei det bra der?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er det bra for gauper å bu i kjellarar? (Ill: Høgskulen i Volda)Er det bra for gauper å bu i kjellarar? (Ill: Høgskulen i Volda)

Universitetet held dei fire gaupene i fangenskap blant anna for testing av radiomerking og for undervising.

- Dyra er fødde i fangenskap, og skaffar oss blant anna urin som vert brukt til å lokke til seg ville gauper, seier ansvarleg for dyrehaldet ved dyreavdelinga, Morten Bronndal til Nova Nyheter.

Bryt dyrevernlova?


Dyrebeskyttelsen i Oslo meiner at gaupene har for dårlege levevilkår, og at universitetet bryt dyrevernlova.

Juridisk rådgjevar hos Dyrebeskyttelsen, Jannicke Gran, seier at universitetet må følgje dyrevernlova sjølv om dei har fått tillating til å halde gauper. Lova pålegg dei å sørgje for at dyra har tenlege opphaldsrom med god nok plass, tilgang på frisk luft og moglegheit til å følgje instinkta sine.

- Eg kan ikkje sjå at dette kan vere mogleg midt i byen. Derfor bryt universitetet dyrevernlova, seier Gran.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Har det bra


Bronndal seier at gaupene er heilt nødvendige for undervising og utvikling av kunnskapen om ville gauper. Han trur gaupene har det bra i kjellaren.

- Vi som jobbar her har lang erfaring i dyrehald. Gaupene har formert seg i fangenskap, dei steller kvarandre og ungane sine, og viser ingen teikn til mistrivnad, seier Bronndal, og legg til at han trur dyra har det betre enn mange ville dyr som må slite med skabb og matmangel.


Meir gaupestoff på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving