Røykjande mødrer føder for tidleg

Dess fleire sigarettar ei kvinne røykjer i svangerskapet, dess større er risikoen for at barnet vert fødd for tidleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: security-protocols.com)(Foto: security-protocols.com)

(NPK): Dessutan aukar risikoen dramatisk for at morkaka skal losne.

Det går fram av ny forsking ved Karolinska institutet i Sverige, som Aftonbladet har sett på.

Det er kjent at røyking under graviditeten kan føre til for tidleg fødsel. For tidleg fødsel er den vanlegaste årsaka til at spedbarn døyr. Det nye i forskinga er at talet på sigarettar avgjer kor stor risikoen er.

Ein har også funne ut at risikoen for at morkaka kan losne aukar med 50 prosent viss kvinna røykjer i svangerskapet. At morkaka losnar aukar også risikoen for at fosteret kan døy. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy