Litteratur for sjuke folk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjukehuskiosken har det meste av dameblad, kryssordblad, legeromanar, krim og sudokumagasin. Men kor er nobel-litteraturen hen?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mord og elende ispedd sex og kjendiseri. Dette er sjukehuslektyren framfor alt anna.Mord og elende ispedd sex og kjendiseri. Dette er sjukehuslektyren framfor alt anna.

Me har ei veke på sjukehus å «sjå fram til», pasienten min og eg. - Då får du sikkert lese mykje, seier alle eg ringer til. Ei heil veke, ja, då burde eg greidd å kome meg gjennom «Krig og Fred», omsider.

Kiosklitteratur i eit nøtteskal


Men når eg står i sjukehuskiosken og ser på utvalet av pocketbøker, kjenner eg at eg blir litt irritert. Vel og bra er utvalet stort, men mangfaldet er dessverre heller dårleg. Tre hyller med krim på norsk, to hyller med krim og spenning på engelsk, to hyller med legeromanar og anna kjærleikskliss. Er dette alt?

Hjernedøde alle saman?


Irritasjonen veks. Kva trur eigentleg Narvesen om folk som ligg på sjukehuset? At dei er så sløve i hovudet at dei ikkje greier å fordøye litteratur som har opptil fleire firestavingsord i kvart kapittel?

Rett skal vere rett: Eg finn eitt eksemplar av Hamsuns «Victoria» som står halvvegs gøymt bak Clive Cussler på ei hylle. Den står der litt aleine, liksom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Van Veeteren


Den svenske krimkongen Håkan Nesser skriv utfordrande og spennande bøker for så vel friske som kranke folk.Den svenske krimkongen Håkan Nesser skriv utfordrande og spennande bøker for så vel friske som kranke folk.

Etter litt irritabel vandring rundt i kiosken ender eg med å kjøpe to bøker av den svenske bestseljande krimforfattaren Håkan Nesser.

Kommisarie Van Veeteren har eg stifta kjennskap med før, og han er ein klok og kvalitetsbevisst mann som får vere stand-in for den unge Natasja Rostov, den idealistiske Pierre Bezhukov og den stolte Andrej Bolkonskij (sjå faktaboksen under!).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det ergrar meg framleis at eg ikkje kunne få brukt denne veka til å lese ein eller anna mursteinsroman eg alltid har hatt dårleg samvit for at eg ikkje har lest. Kanskje eg kan få nokon til å gå på biblioteket for meg.

Mord og skumle saker


Den første kvelden på sjukehuset er nesten over og eg har kome godt inn i plottet til Van Veeteren-romanen «Førstebetjenten og tausheten».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om dørene til rommet går opp og igjen fleire gonger i timen, sjølv om bekken må hentast og tømmast og sjølv om vi må ete litt no og då, så får eg lest såpass at eg skjønar at det handlar om mordet på ei ung jente, at me skal få nærare kjennskap til sekta Det Rene Livet, og at Håkan Nesser er ein klok forfattar som ganske sikkert ikkje kjem til å la meg pløye sløvt gjennom boka, men snarare gje meg mykje å bryne hjernen min på.

«Det fantes verre ting enn bortkastet tid - kanskje var det nettopp det som konstituerte betrakterens perspektiv? I det minste en del av det.»

Unnskyld då


Etter tre dagar forstår eg at eg må be Narvesen om orsaking. Dei veit ganske sikkert kva folk treng når dei ligg på sjukehuset: Lesestoff ein kan vie seg til i ti minutt her og ti minutt der og som er så pass lettlest og fengjande at ein klarer å sluke 30-40 sider i slengen og dermed ikkje mister tråden så lett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg må faktisk leggje meg litt i selen for å klare å halde tritt med min ven Van Veeteren, som etter kvart har fått hendene fulle med mord, forsvinningar og suspekte sektmedlemer. Og så han som snart skal på ferie, stakkars mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tabloidar, krim og kjærleik


Eg spør i kiosken kva dei sel mest av når det gjeld lesestoff.

- VG, Dagbladet og Se & Hør, seier han snøgt, utan å tenkje.

- Men av bøker, då? vil eg vite.

Han fortel at «Da Vincikoden» og «Engler og demoner» har vore favorittar lenge, men elles er nesten all slags krim frå Unni Lindell, Henning Mankell og dei andre skandinaviske bestseljarane og veldig populært. «Da Vincikoden» er han faktisk utselt for, men ventar ho inn snart.

Eg har eigentleg aldri hatt lyst til å lese «Da Vincikoden», men no er eg litt i tvil.

- Eg kan halde av eit eksemplar til deg, seier pølseseljaren.

-Vi får sjå, seier eg. - Vi får sjå om helsa held.


  • I tilfelle du heller ikkje har fått lese ho enno:

    Den unge Natasja Rostov, den idealistiske Pierre Bezhukov og den stolte Andrej Bolkonskij er, i følgje Bokklubben alle hovudpersonar i Leo Tolstoj sitt verk Krig og Fred.


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving