Blair for riksrett?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den britiske generalen Michael Rose, som tidlegare leia FN-styrken i Bosnia, meiner statsminister Tony Blair må stillast for riksrett for rolla si i Irak-krigen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

London (NTB):
- Politikarar må stillast til ansvar. Eg meiner Blair må stillast for riksrett, seier Rose til avisa Mail on Sunday.

- Det ville ha forhindra politikarar frå å ta så lett på dette med å bringe et land inn i krig, seier Rose.

Generalen meiner den britiske regjeringa ville ha tenkt seg om to gonger
før dei sende styrkar til Irak, dersom ein høgtståande offiser hadde
markert motstanden sin ved å gå av.

- Eg ville i alle fall ikke ha gått i krig på eit så spinkelt grunnlag, seier Rose som var FNs militære øverstkommanderande i Sarajevo på byrjinga av 1990-tallet.

I november 2004 fremma 23 britiske parlamentsmedlemar et benkeforslag om å stille statsminister Blair for riksrett, etter å ha anklaga han for å opptre «grovt klanderverdig» ved å slutte seg til USA sin invasjon av Irak. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving