Kuparade i Telemark til sommaren

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heddal Stavku? Håkonsen-snowboardku? Porsgrunn Porselensku? Telemarkskua blir ny, fancy og internasjonal.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Ti Voglio» av Giulio Laccetti.(Foto: cowparade.com)«Ti Voglio» av Giulio Laccetti.(Foto: cowparade.com)

Vel møøøøtt til verdas største kunstutstilling i Telemark neste sommar, skriv Fylkesmannen si landbruksavdeling i eit nyheitsbrev.

Ikkje høgkultur


Cowparade er eit internasjonalt prosjekt der kunstnarar og designarar får i oppdrag å lage kyr som blir viste fram rundt omkring der folk flest kan sjå dei.

Dette er ikkje høykultur, men eit tilgjengeleg og morosamt prosjekt for alle, kan vi lese på nettstaden cowparade.com.

«Anatomicow», av Chianina da Vinci (Foto: cowparade.com)«Anatomicow», av Chianina da Vinci (Foto: cowparade.com)


Cowparade blei arrangert første gong i Chicago og New York i 1999, og har sidan spreidd seg til store delar av kloden. I år er det kuparader i Sao Paolo, Firenze og Moskva, medan Edinburgh og Lisboa er av dei byane der ein kan oppleva kyr neste år, i tillegg til i Telemark.

Kyr - no også på bygda


Det som blir spesielt med paraden i Telemark, er at den altså går føre seg på landet, i eit lokalt dugnadslag, meiner fylkesmannen. Både kunstnarar

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Holy Cowburger in love» av Luigi Serafini. (Foto: cowparade.com)«Holy Cowburger in love» av Luigi Serafini. (Foto: cowparade.com)

frå Telemark og frå resten av verda har anledning til å senda inn designforslag.

Heddal Stavku?


På nettstaden til Midt-Telemarkrådet vert det fabulert om blant anna porselensku i Porsgrunn, stavku i Heddal, kubåt på kanalen, og ei Håkonsenaktig snowboardku i Vinje.

Etter utstillinga vert kyrne auksjonerte bort, og overskotet går til eit veldedig føremål.

Alle bileta på denne sida er frå kuparaden i Firenze, som er akkurat no.

Les meir om Cow Parade på cowparade.com



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving