Pillehamstring i julestria

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn hamstrar blåreseptmedisin i desember. Vitusapotek sel 25 prosent meir i julemånaden enn i november, og i januar er salet halvert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: sahp.vcu.edu)(Foto: sahp.vcu.edu)

(NPK): Årsaka er at frikortet følgjer kalenderåret.

- Det er ikkje spesielt pasientvennleg å leggja opp til eit julerush for at folk skal bruke opp årskvoten sin, seier generalsekretær Bjørnar Allgot i Norges Diabetesforbund.

Han seier at refusjonssystemet av eigenandelar tek meir omsyn til at styresmaktene ønskjer oversyn og kontroll, enn kva som er best for pasientane.

Informasjonsavdelinga i Helse- og omsorgsdepartementet viser til at spørsmålet er drøfta i ei stortingsmelding i vår, og seier til Newswire at ei rullerande frikortperiode ville gje ein sterkare motivasjon for å hente ut mest mogleg legemiddel i frikortperioden for å utsetja starten på neste eigenandelsperiode.

Dette er ikkje leiaren i Norsk selskap for allmennmedisin, Gisle Roksund, utan vidare einig i.

- Rullerande frikortperiode ville nok gje ei viss hamstring, men vi hadde unngått at alle stod i kø samtidig, seier Roksund, og opplyser at etterspurnaden etter nye reseptar stig merkbart i desember. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving