Jentesnakk på do, to og to!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er det med oss jenter når me tar med oss fjollete og fjasete venninner inn på do når me skal gjere det vi må?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er det jenter snakkar om på do? (Foto: www.klikk.no)Kva er det jenter snakkar om på do? (Foto: www.klikk.no)

Eg kan berre svare for meg sjølv. Det er ei stund sidan eg hadde denne trongen til å ta med meg ei venninne eller to inn på do. Men eg hugsar det godt.

Fellesskapet og hemmelegheitene

Eg trur det var det fellesskapet som oppstod bak dei stengde dørene. Det var der dei store verdsproblema, som me hadde då, vart løyste.

Her snakka me om kven ein burde bli i lag med, kven me godtok denne veka, kva ein skulle ha på seg neste fredag på discotek, og det var her ein sa dei aller hemmelegaste hemmelegheitene.

Byta på å stå utanfor


Det var ingenting som kunne følast så vondt som når ei venninne gjekk på do utan å ta deg med.

Eg hugsar spesielt den eine doen på skulen der eg gjekk. Han var så liten, at det var ikkje plass til meir enn to, toppen tre om gongen. Då måtte nokon stå utanfor og vente, så byta me på kome inn.

Av og til kunne me vere der heile friminuttet, det var til og med ei av venninnene mine som tok maten sin med inn på do, slik at ho skulle vere viss på å ikkje gå glipp av noko.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Daglege oppdateringar


Knis, fnis. (Foto: sms.myorange.dk) Knis, fnis. (Foto: sms.myorange.dk)

For det var her me fekk me oss det som hadde skjedd i løpet av veka. Dagleg oppdatering på kjærleiksfronten og venninnefronten var nødvendig.

Rart i grunnen at me valte akkurat doen til å vere samleplassen. Men det er kanskje nettopp det som gjere fellesskapen ekstra sterk. På do er me alle like.

Tre på gata


For å finne ut kva andre jenter tenkjer kring dette temaet, spurde eg tre eg traff på gata.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Kari Anne Kilane (25), sjukepleiar, Erfjord


- Brukte du og venninnene dine gå i lag på do?

- Ja, det gjorde me kvar gong me skulle på do. Det var ikkje ofte me gjekk aleine.

- Kvifor trur du de gjorde det?

- Det var ei eiga stemning som berre kunne opplevast inne på do blant ein gjeng med jenter. Der kunne me låse oss inne i vår eiga verd, og oppdatere kvarandre om dei siste hemmelegheitene, og snakke om dei siste opplevingane me hadde hatt i løpet av dagen.

- Det var også det sosiale, det var kjempesosialt å gå på do i lag. Og me syntest tida vår var knapp nok frå før, så me ville ikkje miste eit einaste minutt. Tenk på all den tida me bruker på do i løpet av eit liv! Kvifor ikkje utnytte den best mogleg?

- Skulle du ønskt det var vanleg enda? No som du har blitt vaksen?

- Eg trur nok at eg trivast best med å gå aleine på do no. Men er eg på hyttetur, då synest eg framleis det er best å gå med følgje.

- Nokon av dei offentlege doa er jo greie, der kan du sitte aleine, men likevel vere sosial. Det einaste er at dei ikkje er så godt eigna til å utveksle hemmelegheiter, seier Kari Anne.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Arnhild Kannelønning (24), student, Bergen

- Brukte du og venninne dine gå i lag på do?

- Nei, eg var aldri ein av dei som gjekk på do i lag med andre. Eg syntest eigentleg det var ganske teit, alle masa om at eg skulle bli med, men eg blei berre flau av å vere der inne.

- Men har du noko meining om kvifor så mange gjer det?

- Eg har lurt på det same sjølv. Det er vel for å snakke om hemmelegheiter, og for å få kommentarar på utsjånaden. Det er jo spegel der.

- Er du glad for at du slepp det no som du er vaksen?

- Ja, veldig glad.


Silje Natland (24), for tida heimeverande, Stavanger

- Brukte du og venninnene dine gå ilag på do?

- Ja.

- Kvifor trur du de gjorde det?

- Det var jo ikkje det at me gjekk så mykje på do, det var mest for å snakke om alle hemmelegheitene våre. Det var også spennande når ikkje alle fekk vere med, det var noko hemmeleg som gjekk føre seg.

- Skulle du ønske det var vanleg enda, no som du er blitt vaksen?

- Nei, det er vel eit tilbakelagt stadium, og no har eg jo ungane med meg kvar gong eg skal på do…

Ja, då var det vel avklart. Jenter går på do for å fortelje og høyre hemmelegheiter. Verre er det ikkje.

Universitas om :



Fleire doartiklar i Neste klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving