Runar Sögaard frelser næringslivet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Runar Sögaard er no ferdig med kyrkja og slår seg på næringslivet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Runar Søgård skal motivere næringslivet. (Foto: menighet.net)Runar Søgård skal motivere næringslivet. (Foto: menighet.net)

Sögaards eige selskap, Runar Dreams, skal hjelpe næringslivsfolk med å balansere mellom jobb, relasjonar, familie og indre og ytre behov.

Frå kyrkja til næringslivet


Motivasjonskonsulent kallar han seg, eksmannen til Carola. Sögaard seier til svenske digi.se at han har forlate kyrkja for godt, men meiner at han kan trekkje vekslar på 20 års sceneerfaring derfrå når han no går inn i næringslivet.

Bodskapsleverandør


Mellom kundane Sögaard no ser føre seg skal kjøpe tenester av han, nemner han finansfolk, industrikonsern og reklamebransjen.

Konkurranse frå andre som driv i same bransje som han sjølv, er han ikkje redd for.

- Det er mange som leverer bodskapar, men eg er ein bodskap, seier Søgaard til digi.se.

Kontroversiell


Svorskingen Sögaard har i heile sitt vaksne liv arbeidd i den meir andelege bransjen. Han har vore pastor i den kontroversielle kyrkja «Livets Ord» i Sverige i mange år. Dei seinare åra har han jobba mykje i USA. Mellom anna har han vore andeleg «coach» for Sting og Matt LeBlanc frå «Friends».

Ekteskapet med Carola var heitt stoff i media så lenge det varte. Etter skilsmissa har Runar Sögaard figurert ofte i media både med privatlivet og i forhold til jobben

Om sitt noko offentlige privatliv, seier han at som regel rir den stormen av.

- Alle har eit bilete av meg, men i 99 av 100 tilfelle har dei endra syn etter å ha møtt meg, seier ekspredikanten.


Kjelder:

digi.se, wikipedia og dn.no.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving