Lånefest i fylkeskommunane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjelda i fylkeskommunane vil auke med godt over 50 prosent dei neste fire åra, viser framlegga til økonomiplan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: underdusken.no)(Foto: underdusken.no)

(NPK): Mesteparten av pengane skal gå til vidaregåande skule.

Nordland, Akershus og Rogaland skal doble gjelda si. I 15 av 18 fylkeskommunar skal gjelda auke frå 12,3 milliardar til 19,2 milliardar kroner. 13 milliardar går til investeringar, skriv Kommunal Rapport.

Ifølgje regjeringa skal fylkeskommunane leggjast ned innan nyttår i 2010. Dei nye regionane får dermed atskilleg meir gjeld å stri med enn kva fylka har i dag.

Av dei 13 milliardane det er planar om å investere går 60 prosent, nesten 8 milliardar kroner, til vidaregåande skule. Samferdsel får 29 prosent, om lag 3,7 milliardar, tannhelse 500 millionar kroner eller 4 prosent, medan dei siste 7 prosentane, om lag 870 millionar kroner, skal delast på mange andre gode føremål. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving