Slår alarm om miljøgifter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske forskarar er uroa over bruk av flammehemmande kjemikalie i produkt som vi omgåast dagleg, og krev at giftstoffa vert bytta ut så snart som mogleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kidsquartersonline.com)(Foto: kidsquartersonline.com)

Oslo (NTB): - Vi er urolege for påverkinga stoffa kan ha på balansen av hormon som styrer stoffskiftet.

- Sjølv små forskyvingar kan vere nok til å forstyrre utviklinga av sentralnervesystemet og gi skadar som aldri kan bli reparerte, seier lege Yngvar Gundersen ved Forsvarets forskingsinstitutt, Avdeling for beskyttelse, til Aftenposten.

Saman med toksikolog Trine Reistad og legane Per Vaagenes og Per Kristian Opstad påviser han faren i ein artikkel i siste utgåve av Tidsskrift for Den norske lægeforening.

Fleire studiar viser no at forsøksdyr som har fått tilført kjemikalia, såkalla bromerte flammehemmarar, får avvikande åtferd. Dei blir meir urolege, har dårlegare hukommelse og får symptom som minnar om ADHD hos menneske.

- Sjølv om vi skal være forsiktige med å trekkje konklusjonar frå dyr til menneske, er det likevel all grunn til å behandle desse stoffa med yttarst stor respekt og snarleg ta i bruk alternativ, seier Gundersen.

Bromerte flammehemmarar er ei samlenemning på meir enn 350 ulike kjemiske stoff som vert brukte i blant anna tekstilar, trevarer, måling, datamaskiner, fjernsynsapparat og møbel. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving