Idol-Tone ute med plate

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tone Damli Aaberge blei berre nummer to i Idol 2005, men no har ho likevel spelt inn plate.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

 Tone Damli Aaberge gir ut plate til jul. (Foto:www.firda.no) Tone Damli Aaberge gir ut plate til jul. (Foto:www.firda.no)

Plateinnspelinga har føregått i all løynd i studioet til David Eriksen.

David Eriksen har gjort det bra som plateprodusent sidan tidleg på 90-talet, og av norske artistar har han blant andre jobba med Thorild Sivertsen og Flava To Da Bone.

Noregs svar på Norah Jones



No er det Sogndalsjenta sin tur. Ho skal bli Noregs svar på Norah Jones.

Debutanten synest det har vore vanskeleg å halde plateinnspelinga løynd. - Folk heime lurer på kvifor eg ikkje har vore på skulen, og folk her i Oslo lurer på kvifor eg er her. Det er godt å endeleg kunne seie at eg skal gi ut plate, seier Tone til VG.

Det er EMI music som skal gi ut plata. Dei har tidlegare vore svært kritiske til Idolkonseptet. Men Tone har dei stor tru på.
- Me gjer det kun på grunn av hennar uttrykk og musikalske ståstad, seier marknadsansvarleg Cato Ingebretsen i EMI Music til VG.


The Blizz Song



1 november kjem singelen «The Blizz Song» og albumet blir lagt ut for sal 5 desember.

Fleire nynorsk-artiklar: