VM i stein, saks, papir

Stein slår saks, saks slår papir, papir slår stein: No er det klart for VM i Canada.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eitt av tre vapen: saks.Eitt av tre vapen: saks.

I løpet av sommaren har 8 000 nordmenn delteke i 7 landsdelsfinalar i Stein Saks Papir.

Noregsmeisterskapen i Oslo i september resulterte i at me fekk historias første norske meister i SSP: Vytautas Hermansen frå Drammen.

Saman med resten av landslaget har han no reist til VM i Toronto for å tevle i denne verdsomspennande sporten.

Unge kjempar


Det norske landslaget består av Simen Vang, 9 år, Sigurd Kurdøl, 15 år, Stian Gjermstad, 17 år og meisteren Hermansen på 12 år. Saman med dei reiser også landslagstrenar og president i Norsk forbund for stein, saks, papir (NFSSP), Geir Arne Brevik.

På NFSSP sine heimesider gir Brevik dristig uttrykk for at denne unge landslagstroppen skal gå til angrep på dei største nasjonane, men seier samstundes at alle angrep sjølvsagt går føre seg i siviliserte former.


Landslaget i SSP som i morgon skal tevla mot heile verda. (Bilete: steinsakspapir.com)Landslaget i SSP som i morgon skal tevla mot heile verda. (Bilete: steinsakspapir.com)

Siktar mot toppen


Norsk forbund for stein, saks, papir er eit ungt forbund, og har per i dag 900 medlemer.

Som langsiktig mål har forbundet å få ein norsk europameister innan 2008 og verdsmeister innan 2010.

Forbundet har ei eiga nettside kor du kan finne reglar for spelet, mål og visjonar og anna nyttig stoff.

Worldwide


I fjor var det over 1000 deltakarar på VM i SSP, eller RSP (Rock Scissor Paper) som det heiter på engelsk. Dette året, som er det fjerde året VM blir arrangert, reknar arrangørane med enno fleire.

Det er USA og Canada som dominerer deltakarlista, men også Cayman Islands, Tyskland og altså vesle Noreg sender sine folk til denne meisterskapen.

Fredeleg løysing på problem, kanskje noko for neste kommunestyremøte?Fredeleg løysing på problem, kanskje noko for neste kommunestyremøte?

Gammal sport


I følgje World RSP Society er stein, saks, papir ein eldgammal sport, og forbundet sjølv hevdar å vera meir enn 150 år gammalt. Føresegnene til forbundet slår fast at stein, saks, papir skal vere ein «simpel, upartisk og effektiv måte å løyse kvardagslege disputar på».

Meir om stein, saks, papir:



Personvernpolicy