Ung etablerar = vaksen etablerar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det ser ut som det er ein samanheng mellom ungdomsbedrift og etablering i vaksen alder, seier Margrete Hembre Haugum frå Nord-Trøndelagsforskning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nord-Trøndelagsforskning har sett på i kva grad ungdom som driv elevbedrifter blir entreprenørar i vaksen alder.

Undersøkinga samanliknar tal frå sist undersøking i 2002 med dagens fakta, og ho syner at det er ein aukande trend at ungdom held fram med entreprenørskap i vaksenlivet.

16,6 prosent av dei som deltar i ungdomsbedrifter vert etablerarar seinare. Mellom desse finn ein færre kvinner enn menn, noko Haugum meiner kan skuldast at kvinner generelt meir har fokus på familieetablering fram mot trettiåra.

Elevbedrifter og ungdomsbedrifter skal gjera ungdom kjent med dette å etablera, driva og avvikla eigne bedrifter. Men verkar det? Ja, seier forsking frå i år. (Foto: Toyni Tobekk.) Elevbedrifter og ungdomsbedrifter skal gjera ungdom kjent med dette å etablera, driva og avvikla eigne bedrifter. Men verkar det? Ja, seier forsking frå i år. (Foto: Toyni Tobekk.)

Ulike bedrifter

- Ser ein denne type etablerarar under eitt, så ser me at dei fleste etablerer seg innan varehandel, IT/konsulenttenester og primærproduksjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men breidda elles er stor, og det kan sjå ut som at ungdomsbedriftene stimulerer til kreativitet.

Om lag ein tredel av dei som etablerer seg etter å ha drive med ungdomsbedrift etablerer same type bedrift i vaksen alder.

Prøver ut yrke


Kan ein då ut frå dette seia at ungdomsbedrifter verker etter intensjonen? Skaper dette etablerarar?

- Ja, det meiner me, seier Haugum - Sjølv om ein ved primærproduksjon kanskje vil finna mange som veit at dei skal inn i den bransjen, og difor vel å prøva ut yrket sitt i ung alder.

-Typisk for denne gruppa er gjerne unge som skal arva eit gardsbruk. Vidare så har me statistikken på vår side. Den gjennomsnittlege etablerarhyppigheita her til lands er på 7,5 prosent, medan den for denne gruppa me omtalar her altså er på 16,6 prosent, seier Haugum.

Geografiske skilnader

Skilnaden mellom landsdelane er stor. Medan Austlandet har ein etableringshyppigheit på 20 prosent, er han på berre 4,5 prosent i
Nord-Noreg. Vestlandet og Midt-Noreg ligg på 12 og 10,6 prosent.

- Me såg heilt klårt ein trend under undersøkinga: Jo større byar, jo større hyppigheit, fortel Margrete Hembre Haugum.

- Samstundes har me i ettertid sett at dei som etablerer seg på Austlandet ofte kjem frå dei små stadene, men dette veit me dessverre i dag litt for lite om til å kunne seia noko vidare om.


Fleire nynorsk-artiklar: