Kunsten å slakte ein genser

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dagboka til Tyra, 20 år, kan du lese hennar funderingar rundt politisk mote. Du kan også lese korleis Tyra byrjar med handarbeid og blir frelst.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Veske laga av avdanka ullgenser. (Foto: Do Redo.)Veske laga av avdanka ullgenser. (Foto: Do Redo.)

Dagboka er ein del av nettstaden til De Redo, fem svenskar med tru på tråd.

Dei siste åra har det blitt arrangert strikke-kaféar over heile Noreg, og folk kjem strøymande til.

Men dei heilt unge har kanskje ikkje vore med på trenden?


Gata er catwalken din


Do Redo er tre formgjevarar og to journalistar som prøver å få ungdommen til å drive med handarbeid.

Med design, miljøprofil og utradisjonelle metodar snur dei førestillinga om at strikking er kjedeleg.
Det er det nemleg ikkje, strikking er kult! Lag din eigen stil! Slakt ein genser! Gata er catwalken din.


Håplaust blir fancy


Det artigaste er at De Redo bruker friske fargar og enkle metodar.

Dei samarbeider med Myrorna, som er den svenske Frelsesarmeens innsamlings-organisasjon.

Av dei får De Redo ullgensarar som ikkje kan seljast slik dei er. Genserane vert vaska hardt i vaskemaskina, og omskapt til nye plagg, vesker og andre fine ting.

Do Redo arrangerer workshops for ungdom, der gutar og jenter lærer gamle og nye teknikkar, og blir inspirerte til å arrangere handarbeidskveldar heime for venene sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjer-det-sjølv-pakke. (Foto: De Redo.)Gjer-det-sjølv-pakke. (Foto: De Redo.)

Utstilling og bok


Akkurat no er gruppa aktuelle med ei utstilling på Röhsska Museet i Gøteborg, der dei viser eksempel på kva dei lager, og vil at folk skal lage.

Ei inspirasjonsutstilling om gjenbruk, strikking og broderi.

Dei har også gitt ut boka Do Redo - Konsten att slakta en tröja, der dei gir tips og inspirasjon til ein meir kreativ tilnærming til ullgenserane du har innerst i skapet.

For den som gjerne vil, men ikkje er sikker på at han får det til, har De Redo laga gjer-det-sjølv-pakkar, så du har litt å byrje med.


Les meir her: Do Redo

Meir om handarbeid i Startsida si eigen lenkjesamling: her

Fleire nynorsk-artiklar: