Kaizers og Renberg lagar musikal

Artikkelen fortsetter under annonsen

Verdsstjernene Kaizers Orchestra og suksessforfattar Tore Renberg går saman til scena.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Janove Ottesen, her med resten av Kaizers Orchestra, skal lage teatermusikk. (Foto: Kaizers.no)Janove Ottesen, her med resten av Kaizers Orchestra, skal lage teatermusikk. (Foto: Kaizers.no)

Barneteateret ved Rogaland Teater i Stavanger fyller 50 år i 2007.

Det skal dei feire med ein jubileumsmusikal skriven av Tore Renberg. Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra lagar musikken.

«

Det Tusende Hjertet»


Forfattaren Tore Renberg har sjølv ei fortid som skodespelar ved Barneteateret, blant anna som Willy Wonka i Charlie og sjokoladefabrikken.

No har han skrive manus til jubileumsmusikalen som har fått namnet «Det Tusende Hjertet».

Det var Renberg som valde ut Janove Ottesen til å komponere musikken til framsyninga.

Ottesen har laga musikk i fleire sjangrar før, blant anna skreiv han låta «24 timer i døgnet» til filmen «Alt for Egil», der Renberg skreiv manuset. No gledar Janove seg til å lage teatermusikk for første gong.


Unikt barneteater


Barneteateret er, i følgje nettsidene til Rogaland Teater, unikt i Europa. Framsyningane har barn i alle rollene. Instruktør, scenograf, kostymedesignar, komponist, musikarar og resten av produksjonsapparatet er 100% profesjonelle.

Bjørn Endreson (teatersjef ved Rogaland Teater 1960-1970) starta Barneteateret i 1957.


Kjelder:




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar