Færre stryk ved høgare utdanning

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det er færre som stryk ved norske universitet og høgskular, viser tal frå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For universiteta var det ein nedgang frå 12,1 til 8,6 prosent og for høgskolane var det ein nedgang frå 11,7 til 8,2 prosent.

- Dette er svært gledelege tal, seier leiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Gunnar Stave.

Professor Peder Haug frå lærarutdanninga ved Høgskolen i Volda har nyleg hevda at utdanningsinstitusjonane let vera å stryke studentar fordi dei kan risikere å tape opptil 100.000 kroner per student som ikkje får ståkarakter.

- UHR er ikkje kjend med at dette er rett, og meiner at nedgangen i strykprosenten i all hovudsak kjem av auka gjennomstrøyming som følgje av kvalitetsreforma og endring i studiefinansieringa, seier Stave.

Poenget med kvalitetsreforma var nettopp å auke gjennomstrøyminga og redusere strykprosenten, understrekar han. Stave vil likevel ikkje sjå vekk frå at finansieringssystemet opnar for misbruk, men seier at det finst mange mekanismar som kan og bør motverke det.

- Vi har sett ned cirka 50 ulike nasjonale karakterpanel som har til siktemål at karakterskalaen skal brukast rett ved norske universitet og høgskular, deriblant også vurdering av lågaste ståkarakter og stryk. Av dei cirka 20 rapportane vi har fått inn, er det ingen som inneheld spesielle bekymringsmeldingar om dette. Fleire av panela har hatt eksamenssvar til gjennomsyn, seier Stave. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar