Litt røyking er også helsefarleg

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Også litt røyking er helsefarleg. Sjølv om ein nøyer seg med ein til fire sigarettar om dagen er risikoen for å døy av hjartesjukdom eller lungekreft tredobla.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Følgjene av «light»-røykinga er størst for kvinner.

Det er Folkehelseinstituttet som står bak ein studie som slår bein under oppfatninga av at det ikkje er skadeleg å ta nokre få røyk om dagen. Det er mellom ikkjerøykjarar og dei som røykjer mellom ein og fire sigarettar om dagen at ein finn den største skilnaden i helserisiko, viser undersøkinga.

For menn som røykjer såpass lite, er risikoen for å døy av lungekreft tre gonger høgare enn blant dei som ikkje røykjer i det heile. For kvinner er risikoen fem gonger så stor.

«Light»-røykjarar har også større risiko for å døy - uansett kva dødsårsak ein legg til grunn, og risikoen aukar jamt med talet på sigarettar per dag.
Resultatet byggjer på helseundersøkingar i Oslo, Finnmark, Sogn og Fjordane og Oppland.

Ein har følgd 43.000 menn og kvinner frå midten av 1970-åra fram til 2002. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar