SSB: - Framleis låg rente i åra som kjem

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar at krona vil halde seg sterk, samtidig som Noreg framleis får låg inflasjon og låge renter i fleire år framover.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Veksten i norsk økonomi heldt fram i første halvår i år, og konjunkturoppgangen er venta å halde fram med uforminska styrke dei neste åra. Utlånsrenta til bankane kjem til å liggje under fire prosent fram til 2009, meiner ekspertar.


Forbruksvekst


Det kjem dei tenesteytande næringane til nytte, grunna den høge forbruksveksten. Bygg- og anleggsbransjen vil og merke ein vekst i bustadinvesteringane, og industrien kan få auka etterspørsel frå utlandet og frå oljeinvesteringane.

Den sterke krona gjer at norske turister kan juble, men for eksportindustrien blir det stadig tøffare å konkurrere på pris med utanlandske rivalar, meiner SSB.


Fleire i arbeid


Den norske arbeidsmarknaden kan og sjå fram til lysare tider, ifølgje forskarane i SSB. Dei forventar ein markert nedgang i arbeidsløysa neste år. Oppgangen i arbeidsmarknaden held fram i 2007, men er forventa å vere litt meir moderat.

Vidare vil oppgangskonjunktur, og ein klar auke i den offentlege sysselsetjinga, bidra til å redusere arbeidsløysa ytterlegare i 2008 og 2009.
Alt i år har arbeidsmarknaden merka ei svak betring.

Men ein nedgang i sjukefråveret her i landet har gjeve ei auke i talet på arbeidstimar per sysselsett, noko som har bremsa nedgangen i arbeidsløysa noko. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk