Skuleval på lågbluss

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre tre av ti skular arrangerer skuleval i år. Utdanningsminister Kristin Clemet (H) synest det er eit tankekors at valdeltakinga blant unge veljarar er såpass låg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Sjølvsagt har eg eit ønskje om at interessa for politikk hadde vore større blant dei unge. Det er eit tankekors dersom politikken ikkje engasjerer ungdom, seier utdanningsministeren.

Utdanningsminister Kristin Clemet (H) sparka igong Skuleval 2005 på Lambertseter skule i Oslo, mandag. Her slår ho av ein prat med valkontoret. Med ryggen til fra venstre: Sandra Celina Samer (18) og Cecilie Melbye (17).Utdanningsminister Kristin Clemet (H) sparka igong Skuleval 2005 på Lambertseter skule i Oslo, mandag. Her slår ho av ein prat med valkontoret. Med ryggen til fra venstre: Sandra Celina Samer (18) og Cecilie Melbye (17).

Ved førre val deltok berre 56 prosent av førstegongsveljarane, medan heile 84 prosent av dei over 60 år avga stemme. Clemet meiner at sjølv om skulevalet ikkje har nokon direkte innverknad på samansetninga av storting og regjering, så er det ein viktig del av opplæringa i demokrati.

- Skulevalet er ein del av læringa i korleis ein kan bli ein god samfunnsborgar i eit aktivt demokrati. Det gjev øving i praktisk stemmegiving, samtidig som elevane får annan god fagkunnskap om demokratiet, seier Clemet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Undergrev demokratiet


Leiar av Elevorganisasjonen, Halvard Hølleland, er sjokkert over at berre tretti prosent av dei norske skulane vil arrangere val i år. Han meiner dette undergrev demokratiet.

- Når så mange skular ikkje prioriterer skulevala, sender dei eit tydeleg signal til elevane om at valet ikkje er viktig. Skulen skal lære elevane å ta standpunkt, og her bidreg dei til det motsette, seier Hølleland.

Hølleland er alvorleg bekymra for at få førstegongsveljarar vil bruke stemmeretten sin. Han meiner rikspolitikarane sjølve må ta ansvaret for at ungdom finn politikk uinteressant og vel å ikkje stemme.

- Personangrep og hets av andre engasjerer ikkje. Dersom partia skal gjere politikk interessant for ungdom, må dei satse på saker som er viktige og relevante for dei. Partia må vere konkrete på kva dei vil gjere. Det held ikkje berre å seie at ein vil ha ein betre skule med meir kvalitet i, seier Hølleland.

Skulevalet i år blir arrangert 5. og 6. september. 401 skular med til saman 162.273 elevar har meldt seg på. Valresultatet blir offentleggjort 6. september klokka 20. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk