- Lett å bli lågutsleppssamfunn

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Noreg kan absolutt bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050, utan at det kostar all verda, seier BI-professor Jørgen Randers.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Professor Jørgen Randers skal leie eit utval, som skal sjå på korleis Noreg kan bli eit mest mogleg miljøvennleg samfunn.Professor Jørgen Randers skal leie eit utval, som skal sjå på korleis Noreg kan bli eit mest mogleg miljøvennleg samfunn.

Regjeringa oppnemnde i mars eit såkalla lågutsleppsutval, som har til oppgåve å finne ut korleis Noreg kan redusere utslepp av klimagassar med 50 til 80 prosent innan 2050.

Leiaren for utvalet, BI-professor Jørgen Randers, trur det kan gjerast temmeleg enkelt.

- Eg trur absolutt at Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050 utan at dette kostar all verda. Føresetnaden er at vi startar med ein gong og reduserer utslippa av klimagassar gradvis. Truleg vil vi kunne nå målet til ein kostnad som er mindre enn éin prosent av Noregs nasjonalprodukt, seier han.

Utvikle eigen teknologi


Lågutsleppsutvalet driv den nye nettstanden www.lavutslipp.no. Her har dei starta ein stafett der kunnskapsrike personar, frå forskjellige delar av samfunnet, blir bydde opp til å foreslå korleis Noreg kan bli et lågutsleppssamfunn.

Første mann ut er Stein Lier-Hansen, administrerande direktør Prosessindustriens Landsforening (PIL). Han meiner det bør jobbast mot nye løysingar og teknologiutvikling innan petroleumssektoren, der Noreg har økonomisk styrke til å kunne ta ein internasjonal leiarrolle.

«Dei nasjonale tiltaka må bli retta mot ein kombinasjon av eigen teknologiutvikling, import av ny teknologi, aktiv bruk av lovverket og andre administrative tiltak og ikkje minst samarbeidsløysingar mellom myndigheiter og rørd industri,» skriv Lier-Hansen på nettstaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Må starte tidleg


Oljeprisar som går rett til værs, har gjort hybridbilar med både bensin- og elmotor populære, og på verdsbasis vil salet truleg overstige 500.000 bilar årleg om få år, ifølgje Illustrert Vitenskap. BI-professor Jørgen Randers trur slike hybridbilar blir viktige i kampen for å få ned klimautsleppa, men vi må starte tidleg.

- Eitt døme kan vere at alle i Noreg byter over til hybridbilar som berre slepp ut ein tredjedel av klimagassen CO₂, om ein samanliknar med ein bensinbil. På sikt vil ein masseprodusert hybridbil koste det same som ein bensinbil.

Om alle biler skulle blitt bytta ut i dag, ville det bli frykteleg dyrt. Men det vil ikkje koste noko som helst om kvar enkelt ventar til ein skal kjøpe ny bil uansett. Derfor er det så viktig å starte tidleg og innføre lågutsleppssamfunnet gradvis, seier Randers. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk