Sjølvhypnose mot høysnue

Artikkelen fortsetter under annonsen

6Mediterer du over eit miljø utan pollen kan symptoma på høysnue verta redusert med ein tredjedel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Wolf Langewitz og kollegaene ved University Hospital Basel i Sveits har undersøkt om sjølvhypnose verkar mot høysnue.

Forskingsgruppa rekrutterte 79 pasientar med moderat til kraftig allergi mot gras- eller trepollen og gav dei trening i sjølvhypnose. Forsøkspersonane vart oppmuntra til å tenkje på låge temperaturar, glitrande snøkrystallar eller andre snøfenomen.

Dei 40 pasientane som haldt ut med dette opplegget i to år viste ein nedgang i symptoma på ein tredjedel.

Kritiske stemmer seier ifølgje forskning.no at pasientane kan ha vore meir påverka av trua på at behandlinga skulle verke, enn sjølve behandlinga - men trua på sjølvhypnose kan vel strengt tatt seiast å vera ei form for sjølvhypnose i seg sjølv. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk