Fryktar data-klasseskilje i skulen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fire kommunar fekk fleire pc-ar i grunnskulen i fjor. Likevel åtvarar IT-ekspertar mot eit klasseskilje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK/ Anders Malm):

- Kommunane skal ha ros for at det går riktig veg. Men mykje av det som er talt opp, finst på lærarrom og skuleadministrasjon. Det blir feil, for elevane har som regel ikkje tilgang til pc-en til rådgjevaren. I tillegg er det skremmande at det er veldig store forskjellar, seier generalsekretær i foreininga IKT-Norge, Per Morten Hoff til Kommunal Rapport.


93.000 maskiner


I alt 330 kommunar auka talet på pc-ar i skulen i fjor, går det fram av Kostra (Kommune-Stat-Rapportering), som er eit nasjonalt informasjonssystem for kommunal og fylkeskommunal verksemd.
Statistikken viser at det var 93.000 datamaskiner i grunnskulen i fjor, mot 78.000 året før. Auken er på 15.000 datamaskinar, det vil seie 19 prosent på eitt år. Tre av fire kommunar auka pc-tettleiken i løpet av fjoråret.


Håplause sinker


Likevel meiner generalsekretæren i IKT-Norge at dei digitale klasseskilja aukar her i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Nokre skular byrjar å bli riktig bra og brukar datamaskiner som aktivt verktøy, medan andre sakker håplaust etter. Særleg foreldre med barn i skulen begynner å bli veldig opptekne av dette. Dei synest det er urettferdig at dottera får dårlegare tilbod enn i nabokommunen. Tilboda er ulike, og dermed er det i ferd med å gro fram digitale klasseskilje, seier Hoff til bladet.


Han fortel at mange skular får midlar til å kjøpe datautstyr, utan å ha pengar til drift. Så når pc-en kresjar kan den bli ståande ubrukt i lang tid, fordi ein ikkje har råd til reparasjon.