Nynorsken blei redninga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det gjekk dårleg for forfattar Arnfinn Kolerud. Men no strøymer litteraturprisane på. Nynorsken blei redninga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Isfjorden i Romsdalen er staden der forfattaren Arnfinn Kolerud sparka småstein. Det er desse miljøa som er grunnlaget for dei tre bøkene han har gjeve ut. Men det tok tid før han lykkast.


Starta med bokmål


Arfinn Kolerud gav i 2004 ut boka «Den som ikkje har gøymt seg no», som han no har fått fleire prisar for.Arfinn Kolerud gav i 2004 ut boka «Den som ikkje har gøymt seg no», som han no har fått fleire prisar for.

Etter fem refuserte manus måtte han gjere noko drastisk. Han bytte bokmålet ut med nynorsk som verktøy, for å formidla det han hadde på hjarta. Den handlinga har vore ein suksess og bøkene hans har fått fleire prisar.

Sjølv hadde han bokmål på skulen. Han ser i dag likevel at han på ein langt betre måte greier å utrykke tankane og erfaringane sine, når han skal skildre ungdomsmiljøa slik han kjente dei på kroppen i 13-14 års alderen.

Ombygging


For svært mange er dette den mest kritiske perioden ein gjennomgår i heile livet. Heile kroppen er under ombygging og ein samanliknar seg heile tida med andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Er eg for liten eller for høg? Er eg dummare enn andre? Kvifor har ein gut det lett med jenter, medan andre slit?

Den siste boka hans, «Den som ikkje har gøymt seg no», kom hausten 2004 og er svært godt motteken. Arnfinn Kolerud har fått tre prisar for boka: Kritikarprisen, Barnelitteraturprisen 2004 og no sist Guro Sandsdalens litteraturpris.

Grunngjeving


I grunngjevinga til nynorsk litteraturpris står følgjande: Boka skil seg frå andre oppvekstromanar.

Det er ein magisk undertone i forteljinga: Kva er årsak og kva er verknad? Vil verda bli ein betre stad dersom hovudpersonen Odd blir halden borte frå vatn, slik som symjebasseng og vassklosett? Kva er tilfeldig og kva er bestemt? Dette er bygdemagi.

Når vi spør marknadssjef i Det Norske Samlaget, Sjur Mossige, er han klar i sin tale: Kolerud har skrive ein rik, engasjerande, morosam og interessant roman.
- Kanskje han er den mest morosame forfattar som er i arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Underviser


Godorda gler Kolerud, men ein blir ikkje rik av det, fortel han. Å vera
barne- og ungdomsforfattar er ikkje noko ein kan leva av. Rett nok har han fått eit stipend som vil hjelpa på dei to neste åra, og han er i gong med tre nye manus, ei oversetting frå Russisk og to eigenproduksjonar.

Men det blir ikkje nok trass i rimeleg husleige i Måløy der han bu. I tillegg underviser han våre nye landsmenn i norsk i Vågsøy kommune.

At han må gjera det på bokmål meiner han er tragisk og ei kulturell skam.
- Her kjem dei til vestlandet og får ikkje del av den språkkulturen vestlandet er tufta på.

- Det er ikkje svaret på korleis me bør
integrera dei i lokalsamfunna våre.

- Me treng eit skikkeleg opplæringstilbod for desse på nynorsk som eit tillegg til det interaktive læremiddelet me har på nynorsk, Nynorsk pluss. Men så lenge lærebøkene berre finst på bokmål blir det deretter.

- Det er mest utruleg at dei som skal bli Nordfjordingar skal måtta læra seg bokmål som dei ikkje vil få bruk for når arbeidsdagen tek til, avsluttar den språkbevisste forfattaren.



Fleire nynorske artiklar:

Nynorsk