Vil tilkalle eksorsist for å jage spøkelse ut av do

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bibliotekaren Gordon Jenns (61) er overbevist om at det spøker i do. No vil han tilkalle ein eksorsist.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jenns har arbeidd ved Gravesend bibliotek i Kent i 14 år. Ifølgje Bexley Times er han overbevist om at det spøker i doen på biblioteket, og at det er eit spøkelse som trekk ned i do når det trur at alle har gått heim for dagen.

- Det har skjedd tre gongar dei siste 11 åra. Alltid rundt klokka 19 på ein fredag, fortel Jenns til avisa.

- Det er veldig forvirrande. Første gong det skjedde, trudde eg at nokon hadde brote seg inn bakdøra, så eg tok med meg ein tung gjenstand for å gi dei ein varm velkomst.

Jenns er absolutt overbevist om at toalettet blir trekt ned av seg sjølv. Døra skal ha vore lukka og sisterna framleis i ferd med å fylle seg opp då han gjekk inn.

- Eg har tidlegare vore marinesoldat, og er ikkje typen som hallusinerer. Eg tippar stakkaren berre måtte tre av på naturens vegne, seier Jenns.