Vi et mykje laks i jula

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir enn åtte av ti nordmenn et sjømat til middag minst ein gong i jula. Laks og torsk er det vi helst vil ha som julemåltid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / Scanpix)Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / Scanpix)

(NPK): - Fire av ti nordmenn et både laks og torsk i juletida. Favorittfiskane våre er dei same i jula som elles i året, bortsett frå lutefisk og kveite som siglar opp på tredje- og fjerdeplass i julehøgtida, seier Kristin Lien i Eksportutvalet for fisk.

Laks er den fisken dei fleste av oss et i samband med jula. 38 prosent et laks til middag i løpet av jula, og 44 prosent et laks som pålegg eller til kaldtbord i ei eller anna form. Laksen vert oftast konsumert som røykjelaks, men også som grava eller tillaga på andre måtar. På same måte er det 15 prosent som et aure til middag og seks prosent som et rakaure, røykt aure eller andre aureprodukt til frukost eller lunsj. (NPK)