Bananfluger på fylla

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tyske og amerikanske forskarar har funne eit gen som gjer at fluger venner seg til alkohol.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

No meiner dei eit liknande gen for alkoholtoleranse også finst hjå oss menneske.

Genet har fått namnet hangover, som tyder bakrus. Dei fleste menneske som drikk mykje og ofte, vert etter kvart motstandsdyktige mot effektane alkohol. Resultatet er at dei må drikke meir for å verte påverka. Tidlegare undersøkingar viser den same effekten hjå bananfluger.

Ulrike Heberlein frå University of California og Henrike Scholz frå University of Würtzburg har undersøkt genane til hundrevis av fluger.

Det viser seg at dei som har fått øydelagt hangover-genet, ikkje toler meir alkohol sjølv om dei får alkohol oftare. Dei taklar også stress dårlegare enn fluger som har hangover-genet på intakt, skriv forskning.no. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk