Då eg var 20:Ida Elise Broch slutta på folkehøgskule for å følgja draumen

Ida Elise Broch er ein av deltakarane i det populære spelkonseptet Spillet på TV 2.
Ida Elise Broch er ein av deltakarane i det populære spelkonseptet Spillet på TV 2. Foto: Foto: TV 2
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skodespelaren fekk sitt store gjennombrot alt som 20-åring med storfilmane Switch og Mannen som elsket Yngve.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dagane var fylte med jobb og mange nye eventyr. Livet mitt skulle herifrå plutseleg bli heilt annleis. Eg fekk byrja å leva den store draumen, skriv Ida Elise Broch i ein e-post til Framtida.no.

Skodespelaren hugsar tilbake på då ho var 20 år gamal og elev ved Romerike folkehøgskule, ein skule der mange kjente underhaldarar og skodespelarar har gått.

Skodespelardraumen

36-åringen er aktuell som deltakar i det populære reality-konseptet Spillet på TV 2 og har gjeve ut ei diktsamling, men det er først og fremst som skodespelar Ida Elise Broch er kjent for det norske folk.

Med tida har det blitt mange ulike roller i store norske produksjonar som Lillyhammer, Gulltransporten, Julestorm og ikkje minst Netflix-suksessen Hjem til jul.

– Eg visste frå så tidleg som seks år at eg ønskte å bli skodespelar. Eg elska å leika meir enn noko anna, både heime på rommet, på scene og med kamera, minnast 36-åringen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

2007 var året då ho fekk gjennombrotet som skodespelar med sentrale roller i dei norske storfilmane Switch (2007) og Mannen som elsket Yngve (2008). Difor valde ho å slutta på Romerike folkehøgskule for å følgja draumen.

– Dei sterkaste minna er vel frå innspelinga til Mannen som elsket Yngve. Det var ei heilt fantastisk fin tid og film å jobba med. Eg fekk jo oppfylt den store draumen om å få jobba som skodespelar. Det var stort!

Skodespelarane frå «Mannen som elsket Yngve». Foto: Foto: Norsk filmdistribusjon
Skodespelarane frå «Mannen som elsket Yngve». Foto: Foto: Norsk filmdistribusjon

Punk og kjærleik

20 år gamle Ida Elise var ei kreativ sjel som identifiserte seg som punkar og frikar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Musikken var Led Zeppelin, Nirvana, Offspring, Sublime, NOFX, Black Sabbath, Bad Religion, The Smiths og før- og dåtidas populære hiphop og R’n’B.

– Eg hadde eit kanskje veldig naivt syn på verda og livet. Eg skreiv òg mykje dikt og drøymde om å skriva noko som kunne redda verda liksom, haha. Eg har framleis stor tru på kunsten, men jo eldre ein blir forstår ein kanskje meir og meir om korleis verda eigentleg fungerer. Det er komplisert og beinhardt her òg. Det er både bra og utruleg utfordrande å føla seg som ein liten persille i jungelen, skriv ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Den viktigaste personen i livet mitt må kanskje ha vore kjærasten eg hadde på den tida. Fordi eg lærte samstundes om kva det vil seia å vera i eit forhold og oppleva kjærleiken. Det er så mykje som er nytt, og det er jo spanande.

Boble og brytningstid

Sjølve 20-årsdagen 25. juni kan ho ikkje hugsa.

– Eg er litt sånn som ikkje gjer så mykje ut av bursdagen min alltid. Det er på ein måte noko sårt over det som eg ikkje heilt kan setja fingeren på.

Ida Elise Broch skildrar året 2007/2008 som ei brytningstid mellom det gamle og den nye verda sitt inntog. Verda var liksom mindre, enklare og tryggare, ikkje like stor og kaotisk som den er i dag på grunn av teknologi og Internett.

– Vi var friare, meir mobile utan mobil, meiner Broch.

Medan teknologien vaks, heldt ho lenge fast ved det gamle.

– Vi hadde jo ikkje iPhone, så eg heldt meg berre til mi eiga boble og alt eg kunne sjå med eigne auge, minnast ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne bobla bestod mellom anna av black boxar med leik og teater.

– Eg var ganske nørd og fokusert på dette.

Ida Elise Broch og Ole Christoffer Ertvaag gjekk på folkehøgskule saman og fekk begge gjennombrotet sitt i Mannen som elsket Yngve. Foto: Foto: Norsk filmdistribusjon
Ida Elise Broch og Ole Christoffer Ertvaag gjekk på folkehøgskule saman og fekk begge gjennombrotet sitt i Mannen som elsket Yngve. Foto: Foto: Norsk filmdistribusjon

Døden og det sårbare livet

– Kva var di største frykt?

– Største frykt har vel alltid vore døden. Livet er på mange måtar «kunsten å døy». Verste er vel den sosiale døden, å bli halden utanfor, mobba, audmjuka eller misforstått totalt. Eg har alltid følt meg så annleis, og i tillegg er eg jente. Då vil du møte mange eksamenar i livets harde skule, vil eg seia.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt «pass på den sårbare der». Om eg møtte meg sjølv som 20, ville eg prøvd å førebu meg sjølv litt på alt som kjem. Formidla kor viktig det er å beskytta og passa på seg sjølv.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Rådet ville kanskje vore å uansett tenkja sjølv og halda fram med å utfordra seg sjølv for å veksa. Det er viktig å pusha seg sjølv ut av komfortsona. Så lenge ein er eit godt menneske som ikkje skadar andre, så skuldar ein seg sjølv å leva livet sitt som det mennesket ein verkeleg er og ønskjer å vera. Ver tru! Og sprei kjærleik.