Kvart år vert hundrevis av transpersonar drepne – Hande Kader blei 23 år gamal

Tyrkiske Hande Kader fotografert då tyrkisk politi stogga Pride Istanbul 28. juni 2015, eit drygt år før ho vart drepen. Foto: Şener Yılmaz Aslan/MOKU
Tyrkiske Hande Kader fotografert då tyrkisk politi stogga Pride Istanbul 28. juni 2015, eit drygt år før ho vart drepen. Foto: Şener Yılmaz Aslan/MOKU
Artikkelen fortsetter under annonsen

31. mars var det den internasjonale transsynlegheitsdagen. For mange er kampen om å få vera seg sjølv ein kamp på liv og død.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Hande var ein av dei snillaste folka i verda. Ho var vanlegvis veldig roleg, men òg hyperaktiv. Ho gjekk alltid i LGBTI-marsjar. Ho følgde ei sak ho følte var riktig heilt til slutten.

Det sa Davut Dengiler til BBC etter at 23 år gamle Hande Kader vart funnen død i rikmannsstrøket Zekeriyakoy i Istanbul 8. august 2016.

Kader var sexarbeidar og ifølgje Al Jazeera vart ho sist sett då ho entra bilen til ein kunde i Harbiye-området i Istanbul i slutten av juli.

Ho skal ha vorte valdteken og kroppen lemlesta, før ho vart sett fyr på.

Rettferd for Kader

I dag, 31. mars, er den internasjonale dagen for transsynlegheit, ein dag som har vorte markert sidan 2009.

For mange transpersonar handlar den daglege kampen ikkje berre om retten til å få vera seg sjølv, men òg retten til å leva.

Etter drapet samla demonstrantar seg i Istanbuls gater for å krevja rettferd for Kader.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Den norske Helsingforskomité nektar det tyrkiske politiet for at Hande vart drepen fordi ho var transkvinne, ein profilert figur i det skeive miljøet og ein uttalt regimekritikar.

Hande er ein av 12 kvinner på barrikadane som komiteen har valde å løfta fram i ein kampanje frå oktober i fjor.

Hande Kader illustrert av Jenny Jordahl for Den norske Helsingforskomité. Illustrasjon: Jenny Jordahl.
Hande Kader illustrert av Jenny Jordahl for Den norske Helsingforskomité. Illustrasjon: Jenny Jordahl.

Uroa for trans under korona

Mina Wikshåland Skouen jobbar med menneskerettar for LHBTI-personar i Den norske Helsingforskomité. Ho er uroa for korleis koronaviruset og smitteverntiltaka påverkar transpersonar:

Mina Skouen er seniorrådgjevar på LHBTI-spørsmål i Helsingforskomiteen. Foto: Helsingforskomiteen.
Mina Skouen er seniorrådgjevar på LHBTI-spørsmål i Helsingforskomiteen. Foto: Helsingforskomiteen.

– Transpersonar er i dag ei av dei aller mest sårbare gruppene når det kjem til menneskerettsbrot, så når pandemien råkar oss, råkar han transpersonar hardare enn mange andre grupper.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skouen er uroa for at mange transpersonar no sit heime i isolasjon, noko som kan vere tøft for dei fleste. Ho viser til forsking som viser at transpersonar i større grad enn andre er i risikogruppa for psykiske vanskar og har høgare sjølvmordsrisiko, på grunn av belastningar dei vert utsette for.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om ein ikkje sit åleine, kan heimeisolasjon med familien vere risikofylt.

– Veldig mange transpersonar opplever at familien ikkje aksepterer dei og kan vere utsette for vald i nære relasjonar, så heimen er ikkje nødvendigvis den tryggaste staden å vere, understrekar ho.

Transpersonar er også ei utsett gruppe på arbeidsmarknaden i desse dagar. I fleire land er sexarbeid blant få arbeidsmoglegheiter for transpersonar, og som ei følgje av pandemien er dette endå meir utrygt enn til vanleg. Skouen viser til at arbeidsdagen i seg sjølv er farleg og at mange står utan registrert arbeid, som gjer det vanskeleg å få erstatning for tapte inntekter.

Dette kjem i tillegg til dei eksisterande utfordringane med mangel på kjønnsbekreftande behandling og sjukeleggjering i fleire land, samt valdskriminalitet og drap.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også innlegget: «Transkvinner er kvinner! 8. mars for alle!»

Over 3000 transpersonar drepne

Hande Kader er ein del av ein dyster statistikk. Frå 1. januar 2008 til 30. september 2019 vart 3314 transpersonar drepne, ifølgje organisasjonsnettverket Transgender Europe. Dei driv forskingsprosjektet Transrespect versus Transphobia Worldwide.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 60 % av dei registrerte mordoffera jobba som sexarbeidarar.

Sentral- og Sør-Amerika toppar den dystre statistikken med 2608 registrerte drap i perioden. I løpet av dei tolv månadane vart det registrert 331 drap på transpersonar verda over, 130 av desse var i Brasil, 63 i Mexico og 30 i USA.

Frå 2008 til september 2019 er det registrert 148 drap på transpersonar i Europa, 51 av desse i Tyrkia. Landet vert skildra som Europas farlegaste for transpersonar, og transpersonar er ikkje omfatta i lover om hatkriminalitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Se video: Erika og Victors ekteskap er forbudt:

– Å vere trans i Tyrkia er farleg

– Me er veldig bekymra for transpersonar i Tyrkia. Det å vere trans i Tyrkia er farleg. Fleire menneske vert drepne årleg. I tillegg er det juridiske omstende som gjer at ein møter mange hindringar berre i det å fungere og leve, forklarar Skouen.

Ho viser til at den politiske leiinga i landet har eit stramt grep om sivilsamfunnet, noko som gjer aktivisme og hjelpearbeid utfordrande. I tillegg har Tyrkia mange flyktningar frå mellom anna Syria, som også omfattar LHBTI-personar.

Helsingforskomiteen har valt å løfte fram Kader fordi ho på modig vis retta verdskameraa mot situasjonen i Tyrkia. Det betalte ho ein enormt høg pris for å gjere.

At transkvinner som er sexarbeidarar vert drepne på jobb er diverre altfor vanleg.

– Etter det me veit er ingen stilt til ansvar og me har heller ingen illusjonar om at tyrkiske styresmakter ønskjer å følgje opp dette på ein ordentleg måte, avsluttar Skouen.

Les også: Russiske Julija (26) risikerer seks års fengsel for teikningane sine

Den russiske læraren og kunstnaren Julija Tsvetkova (26) har mista jobben og risikerer fengsel og bøter som følgje av sine illustrasjonar og engasjement knytt til kroppspositivisme, kvinnefrigjering og LHBT-rettar. Foto: Amnesty International
Den russiske læraren og kunstnaren Julija Tsvetkova (26) har mista jobben og risikerer fengsel og bøter som følgje av sine illustrasjonar og engasjement knytt til kroppspositivisme, kvinnefrigjering og LHBT-rettar. Foto: Amnesty International