Slik møter du nedsettande ytringar på nett

– Det er vanskeleg for meg å la hatprat stå uimotsagt, seier Marie Eikland (26), her saman med kampanjekoordinator Eirik Rise (30).
– Det er vanskeleg for meg å la hatprat stå uimotsagt, seier Marie Eikland (26), her saman med kampanjekoordinator Eirik Rise (30).
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eirik Rise og Marie Eikland manar til kamp mot hatprat i kommentarfeltet

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Faktaboks: Hatprat

  • Stopp hatprat er den norske delen av Europarådets No Hate Speech Movement, lansert i Noreg i 2014.
  • Hatprat kan vere tekstar, ord, bilete og symbol som vert nytta for å spreie hat, truslar og oppfordre til vald mot ein person eller gruppe av menneske.
  • Personar som er annleis, basert på etnisitet, kjønn, legning, kjønnsuttrykk, religion eller funksjonsevne, møter oftast hatprat på nett.
  • Hatprat har mange negative konsekvensar ved at det legitimerer hatkriminalitet, skremmer folk bort frå den offentlege debatten, og gir folk dårleg psykisk helse.

– Då Malika Bayan tok av seg hijaben røyk det av tastatura til folk, fortel Marie Eikland.

Ho er aktiv i Stopp hatprat, ein kampanje for unge menneske mot hatprat og for menneskerettar på nett.

– Eg går inn i debattane og engasjerer meg, prøver å bidra til nyansering, forklarar ho.

Framtida.no møter Eikland saman med kampanjekoordinator Eirik Rise for å få svar på korleis møte hatprat i kommentarfelta på nett.

1. Skriv for dei som les

Eikland fortel at det er viktig å anstrenge seg for å møte dei andre debattantane med respekt.

– Eg får ikkje gjort så mykje med ein mann på 55 som har bestemt seg. Vi veit likevel at kjempemange les kommentarfelta utan å delta. Då er det viktig og bra når nokon tar til motmæle, seier Eikland.

Ho er medlem av fleire Facebook-grupper der det sirkulerer hatprat og «gamaldagse haldningar» om til dømes flyktningar, muslimar og transpersonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ved å delta i kommentarfelta som ei nøktern og opplysande stemme, synleggjer Eikland og Rise for alle som les kommentarfelta at hatpratet ikkje får stå uimotsagt.

Les også: Mann avbrøt spørretimen: Ropte «jævla nazistat!»

2. Skriv for å oppklare og nyansere

Dei forklarer at det er viktig å ha ein undersøkande tone, og prøve å klargjere kva det er den andre personen eigentleg meiner.

Setningar som «Så det du meiner er at ...», eller «Kvifor meiner du at ...» bidreg ifølgje Rise og Eikland til å synleggjere kva som ligg bak kommentarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er heller ikkje alle som meiner innhaldet akkurat slik som det vert formulert. Då kan det vere lurt å gjere dei merksame på det, forklarar Eikland.

Ho trekk fram setningar som «Når du seier dette, tenker folk … Det oppfattar eg som rasistisk, og det var vel ikkje det du meinte?» og «Det du seier no kan ha desse konsekvensane..., har du tenkt på det?».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Uhyggelig hatprat på statsråders Facebook-sider

(Saken fortsetter under)

Hatprat har mange negative konsekvensar ved at det legitimerer hatkriminalitet, skremmer folk bort frå den offentlege debatten, og gir folk dårleg psykisk helse. Foto: Colourbox.com
Hatprat har mange negative konsekvensar ved at det legitimerer hatkriminalitet, skremmer folk bort frå den offentlege debatten, og gir folk dårleg psykisk helse. Foto: Colourbox.com

3. Du er ikkje åleine

Rise og Eikland erfarer at dei ikkje er åleine i kampen mot hatprat i kommentarfelta.

Den siste tida har det blitt starta fleire Facebook-grupper som samlar positive krefter på nett. Den svenske gruppa #jagärhär har over 60.000 medlemmar, og den norske # En av oss har dei første tre månedane fått litt over 200 medlemmar.

– Majoriteten ønskjer ikkje det som kjem fram i kommentarfelta. Du har fleirtalet i ryggen, seier Eikland.

4. Ikkje gå i fella

Rise fortel at det kan vere fort gjort å gå i fellene som vert lagt, og at han må ta seg skikkeleg saman når han skriv. Eikland er einig i at det kan vere utfordrande å ikkje ta att med same mynt når folk er usaklege.

– Eg får jo lyst til å latterleggjere dei, men det berre styrker fellesskapet til hatarane, det bekreftar at dei er samla, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fortel at mange vert provosert når dei held seg til saka, er roleg og senkar skuldrene. Det kjem diverre ein del reaksjonar og motangrep som ikkje er like siviliserte, sjølv om Rise og Eikland er påpasselege med å vere høflege og respektfulle.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det kjem mykje drit i innboksen, men det prellar berre av, seier Eikland.

Les også: – Facebook-ansatte bekymret over falske nyheter

5. Få kunnskap om menneskerettar

Rise fortel at kampanjen mot hatprat både handlar om å delta i kommentarfelta, og også om å gje neste generasjon kunnskap om menneskerettar. Til det nyttar dei eit undervisningsopplegg utarbeidd av Europarådet.

Handboka Bookmarks skal førebyggje hatprat på nett gjennom menneskerettsopplæring. Målet er å gje unge menneske dei nødvendige kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som trengs for å bli aktive demokratiske borgarar på nett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– For meg som engasjert er det førebygging av hatprat på nett som er viktigast, seier Eikland, og fortel at ho har stor tru på den komande generasjonen.

– Du kan ikkje bruke ytringsfridomen din til å krenke enkeltmenneske eller grupper sine menneskerettar, understrekar Rise.

Les også: Mann dømt til fengsel for hatefulle ytringer mot innvandrer

6. Bli ambassadør

Kampanjen Stopp hatprat vart lansert i februar 2014, og tre år seinare er koordinator Rise nøgd med kor langt dei har kome.

– Då vi starta fantest ikkje ordet «hatprat» i språket. Vi har bidratt til kunnskap og engasjement, samt regjeringa sin første strategi mot hatefulle ytringar.

No er dei på leit etter unge ambassadørar frå heile landet. «Samfunnsdebatten treng meir mangfald og fleire stemmer som vil forandre samfunnet gjennom å ta til motmæle mot hatprat», skriv kampanjen i utlysinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ambassadørane skal delta i offentleg debatt ved å bruke eigenskapane sine saman med det vi gir dei av opplæring, verktøy og trening, fortel Rise.

Eikland er glad for at ho engasjerer seg og bidrar til haldningsendringar på nett.

– Ytringsfridom beskyttar deg ikkje til å stå uimotsagt, avsluttar ho.

Les også: Regjeringen til kamp mot hatefulle ytringer

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no