Hevdar Nord-Korea førebur atomtest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aktivitet ved eit anlegg i Nord-Korea kan vere førebuingar til ei underjordisk atomprøvesprengning, hevdar amerikanske TV-kanalar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: korea-dpr.com)(Foto: korea-dpr.com)

Washington (NTB-Reuters): TV-kanalane ABC og CNN siterer anonyme militære kjelder, som hevdar at amerikansk etterretning har registrert mistenkeleg aktivitet ved eit anlegg som kan vere eit prøvesprengnings- område.

Men sentrale kjelder i den amerikanske administrasjonen seier til Reuters at det ikkje finst ny informasjon om slike prøve- sprengningsplanar.

Ei diplomatisk kjelde i Sør-Korea, med god kjennskap til Nord-Koreas atomprogram, seier han trur meldingane i CNN og ABC ikkje er riktige. Han har heller ikkje høyrt snakk om nokon ny etterretningsrapport med
indikasjonar på førebuingar til testing av ei atombombe. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving