10 millionar ekstra til kvinnelege gründerar
- Vi ønskjer at bedrifter etablert av kvinner skal spire og gro skikkeleg. Undersøkingar viser at det er ei endå større utfordring for kvinner enn for menn å internasjonalisere bedriftene sine og få dei til å vekse, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen i ei pressemelding.
Vekst og utvikling
Regjeringa satsar på kvinnelege etablererar, og gir no 10 millionar kroner til kvinner som allereie har etablert ei bedrift. Nyskapinga er døpt GRO-programmet, og støtta skal gå til vekst og utvikling av bedriftene.
Noreg treng vekstbedrifter for å skape verdiar og dermed eit fundament for framtidas velferdssamfunn. Derfor satsar regjeringa no på å styrkje dei kvinnebedriftene som allereie er etablerte.
Likestilling
- Målet for meg er å oppnå likestilling, også når det gjeld bedriftsetablering. I dag er berre 24% av norske bedriftsetablerarar kvinner. Det er dårlegare enn land vi likar å samanlikne oss med. Det er mange barrierar som må forserast om kvinner skal ta risikoen ved å starte opp noko nytt. GRO-programmet er ein god start for å endre på dette, understrekar Eriksen.
Tiltaka i det nye GRO-programmet omfattar mellom anna kurs i marknadsarbeid, val av partnarar, internasjonalisering, presentasjonstrening og profilering. Programmet skal forvaltast av Innovasjon Norge.
Handlingsplan
Til hausten legg Odd Eriksen fram ein handlingsplan for kvinner og entreprenørskap. Denne planen skal ta opp alle forhold som verkar inn på kvinner når dei skal etablere bedrifter, som til dømes tilgang på kapital og velferdsordningar.
Les meir på nettet:
Les heile pressemeldinga på Odin
Meir om kvinnelege gründerar i Neste Klikk:
Noreg manglar strategi for kvinnelege etablerarar
Få kvinner med eige firma
Tre av fire gründere er menn