Meny

Ny katterase for allergikarar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eit amerikansk bioteknologiselskap har klart å ale fram ein ny «hypoallergenisk» katterase.

(Foto: allerca.com)(Foto: allerca.com)

(NPK): Sjølv superallergikarar ser ut til å kunne omgåast katten utan å få allergiske reaksjonar, skriv National Geographic. Det er selskapet Allerca Inc. i San Diego i California som står bak nyvinninga.

Selskapet tek no i mot tingingar på det dei kallar Allerca Gene Divergence (GD) kattungar.

Katterasen skal vere kryssa fram ved hjelp av naturlege variasjonar i genet som kontrollerer allergenet, eit protein som finst i spyttet til kattar flest.

Ein studie som Allerca har gjort saman med eit uavhengig laboratorium tyder på at personar med alt frå milde til sterke allergiske reaksjonar på kattar ikkje viser nokon teikn til reaksjon i kontakt med medlemer av den nye katterasen.

Men billege er dei nye kattane ikkje. Rundt 30.000 kroner tek Allerca for eit eksemplar av GD-katten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus