Korrupsjonsalarm i norsk bistandsprosjekt

Korrupsjonsalarm i norsk bistandsprosjekt
Korrupsjonsalarm i norsk bistandsprosjekt
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pTil trass for ein overhengjande fare for at bistandsmidler forsvann i korrupsjon, valte Norge å bli i fiskeriprosjektet i Nicaragua. Danmark trekte seg ut. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Norsk bistand til Nicaragua

Nicaragua er det nest fattigaste landet i Latin-Amerika, og har lenge vore eit viktig samarbeidsland for norsk utviklingshjelp.

På 1980-talet var landet ramma av borgarkrig, mellom sandinistane og contras-geriljaen som vart støtta av USA.

Resultatet var at infrastrukturen låg i ruinar og at inntektene til innbyggjarane vart redusert med 80 prosent.

Heilt sidan 1987 har oppbygging av fiskerisektoren i Nicaragua hatt ein høg prioritering for norsk bistand.

Totalt 143 millioner norske kroner har blitt pumpa inn i prosjekter meint til å byggje opp ein berekraftig fiskeflåte. Dei siste åra har forvaltning av fiskeriressursar vore viktig, og Havforskningsinstitutttet har vore engasjert som partner.

I fjor kom det fleire urovekkjande tips om at alt ikkje var som det skulle i det danske og norske fiskeriprosjektet med Nicaragua.

Fleire rapportar slo fast at kontrollen med bistandsmidlar i Nicaragua langt frå var god nok.

Nicaragua er det neste fattigaste landet i Latin-Amerika, og eit av verdas mest korrupte land. I 2007 fekk Norad meldingar om sviktande rapportering, manglande budsjettstyring og fare for korrupsjon.

I søkelyset var fiskeriinstituttet i Nicaragua, Inpesca. Den norske ambassaden vart gjort kjende med fleire forhold:

  • Det var ein overhengjande fare for korrupsjon i prosjektet.
  • Rutinar for utbetalinger var brotne.
  • Det var ein fare for at bistandsmidler vart brukt til valkamp.
  • Få resultat å vise til etter at 40 prosent av budsjettet var brukt.
  • Manglande plan for å hindre korrupsjon.

Danmark trekte seg ut

I 2007 vart det danske utviklingsdirektorat, Danida, gjort kjende med mistankane.

Ein evalueringsrapport utført for Norad peika i same retning. Den norske ambassaden i Nicaraguas hovedstad Managua og Norad i Oslo vart varsla om fleire alvorlege rutinebrot.

Norad og Danida vart tvinga til å ta stilling til kva dei skulle gjere med situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunne ein akseptere at ein ikkje visste om pengane hamna der dei skulle? I Danmark var svaret eit kontant nei.

Ifølgje ein dansk evalueringsrapport var prosjektet ramma av manglande styring etter ein omorganisering av fiskerisektoren.

Bistanden skulle forvaltast av fiskeriinstituttet i Nicaragua, Inpesca, og det pengebruken her som uroa evalueringsteamet.

- Stikk i strid med praksis

Den danske rapporten konstaterte at dei slett ikkje var sikre på at leiinga i Inpesca ynskte å følgje danske retningslinjer for anti-korrupsjon. Det vart også klart at planane for bruk at bistandsmidlane plutseleg vart endra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Teknisk rådgiver i den danske utenriksministeriet, Elsebeth Tarp, seier situasjonen gjorde det umogleg å halde fram med å støtte prosjektet.

- Det er ikkje tillit til forvaltninga av desse midlane. Det har vore heilt klart frå dansk side, seier Elsebeth Tarp til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det ville vere stikk i strid med dansk bistandspraksis å fortsette støtta på det grunnlaget, seier ho.

Braut reglar for utbetaling

I evalueringa av det norske samarbeidet vart Utanriksdepartementet og Norad gjort kjende med mistankane.

Sveinung Fjose i Econ Pöyry, som utførte evalueringa på vegne av NORAD, seier han fekk fleire tips om manglande kontroll med bistandsmidlar.

- Då eg såg på prosjektet, meinte eg at det var ein overhengjande fare for korrupsjon, og at reglane for utbetaling vart brotne. Vi har halde oppdragsgivar, UD og Norad, kontinuerleg oppdatert om dette, seier Fjose.

- Var den norske kontrollen med bistandsmidlene god nok?

- Eg konstaterer at våre kjelder seier at anti-korrupsjon er noko man må vere meir merksame på, sier Fjose.

Han vil ikkje ta stilling til om Norge bør trekkje seg ut av fiskeriprosjektet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I motsetnad til den danske rapporten, anbefalte ikkje den norske rapporten at Norge skulle trekkje seg frå samarbeidet.

- Det må vere opp til Utanriksdepartementet å vurdere, seier Fjose.

Les evalueringsrapporten her.

Vil krevje endring

Den norske ambassaden i Nicaragua skriver i ein e-post til ABC Nyheter at samarbeidet med Inpesca vil halde fram, dersom ein revisjonsrapport ikkje avslører misbruk. Dei krev også at fiskeriinstituttet legg på bordet ein revisjonsrapport.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mangel på tillit og rapportering var frå Inpesca var ein av årsakene til at Danida trakk tilbake støtten til Inpesca i 2007. Kvifor kom ikkje den norske regjering til den same konklusjon, sidan pengane vart overført gjennom det same instituttet?

- Ambassaden følte at mangel på mekanismar for å hindre korrupsjon kom av at Inpesca var ein relativt ny enhet og at den ikkje hadde retningsliner for finansprosedyrer. I tillegg var det slik at den første revisjonen av programmet ikkje fann noko som kunne indikere korrupsjon. Men anbefalingane i rapporten kom i rett tid til å anbefale endringar i gjennomføringa av Inpesca-programmet. Vi finn derfor at anbefalingane gjort at MTR-rapporten er viktige for ambassaden, og vi har forsikra oss om at Inpesca følgjer dei opp, skriver ambassaden i ein e-post til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les heile svaret frå den norske ambassaden i Nicaragua her (på engelsk).

Korrupsjonsproblemet blir verre

Anti-korrupsjon har lenge vore blant dei viktigaste satsingsområda for norsk bistand.

I regjeringas «Handlingsplan for handelsrettet utviklingssamarbeid» frå 2007, heiter det:

«En av hovedsatsingene i norsk utviklingspolitikk er å bidra til godt styresett og bekjempelse av korrupsjon, som er en vesentlig del av den større nasjonsbyggingsagendaen».

I Nicaragua har Norge saman med andre givarland støtta eit anti-korrupsjonsfond med 241.000 amerikanske dollar.

Blant fire giverland som støtta fiskerisektoren i Nicaragua, står no berre Norge igjen.

Bistand frå Norge utgjer no 40 prosent av budsjettet til fiskeriinstituttet.

Samarbeidet kom på plass i 2002, men sidan den gong har problemet auka. Transparency International, som kjempar mot korrupsjon på verdsbasis, har landet på 138. plass på lista over verdas minst korrupte land. Det er fire plassar ned frå året før.

Den dystre utviklinga har ført til at fleire givarland no sit på gjerdet, og Norge er no blant få land som har oppretthalde direkte budsjettstøtte til Nicaragua.